Kultur | 03. nov. 2009

Satsar i utlandet

Maya Vik og Montée fekk strålande kritikk for debutalbumet. Måndag blir ho å høyra på den siste Chris Lee-plata, om to veker stikk ho til USA.

Satsar i utlandet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. nov. 2009 10:17

Maya Vik sitt nye band, Montée, fekk terningkast 6 i BT og 5 i VG for debutalbumet «Isle of Now». Tidlegare i år har dei blant anna spelt på Bylarm, Hovefestivalen og på ein festival i Milano. No held bandet på med plate nummer to, men først vil Maya til USA.

- Vi satsar på musikken og har mål om å få oss eit større publikum utanlands, først og fremst i USA og England, seier Maya til Midtsiden.no.

Nytt plateselskap
Både Maya og dei andre bandmedlemmane Anders Tjore, Erlend Mokkelbost og Marius Simonsen har med ulike band erfaring med plateslepp, terningkast og spelejobbar i Noreg i nokre år. No vil dei vidare, og då vil dei prøva å nå utover landegrensene.

- Vi har avtale med Waterfalls Records, som har gjort ein god jobb med Ida Maria i USA. Eg trur dei også kan få til mykje med musikken vår, seier Maya.

Vil sjekka terrenget i L.A.
Sundag 15. november reiser Maya til USA og Los Angeles. For å sjekka forholda.

- Eg har nokre kontaktar i L.A. Å besøka dei trur eg både kan vera lærerikt og nyttig, som promotering av bandet.

Maya har planar om både å leiga BigBang-vokalist Øystein Greni sitt hus, besøka fotograf Bjørn Opsahl og å feira jul i L.A.

- I desember kjem kjærasten min bort. Eg håpar også at eg klarar å lokka bandet over Atlanteren, kanskje kan vi spela inn nokre låtar medan vi er der.

Med TV 2 i lomma
Maya har også fått nokre oppdrag medan ho er i USA. For TV 2 skal ho laga videoblogg.

- Eg har med meg kamera og skal laga nokre opptak som skal visast på Waschera. Det blir spennande!

Vokaldebut med Chris Lee
Den siste tida har Maya også jobba med artisten Chris Lee. Som innleigd musikar og som DJ på turné i sommar. Lee har også lokka Maya til å debutera som vokalist.

- I alle desse åra har eg berre kora. Det var spesielt å synga duett, seier Maya om låta «Isn't it Enough» på plata Chris Lee slepp førstkomande måndag.

Albumet får truleg mykje merksemd, singelen «Talk to the Hand» segla rett inn på 2. plass på VG-lista, og Chris har allereie skapt forventingar til både albumet «Love Ghost» og duetten med Maya.

Eksterne lenkjer:
Montée.no
730.no, intervju med Chris Lee
Albumet Love Ghost

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.