Lokal | 26. apr. 2018

Satsar lokalt på Vårsleppet

Mat og lokalproduserte varer er fellesnemnaren når Os sentrum arrangerer Vårslepp laurdag 28. april.

Satsar lokalt på Vårsleppet
Laurdag blir det vårslepp på Osøyro (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretorsdag 26. apr. 2018 06:37

Bildeserie:

Leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg, er klar for vårsleppet (foto: KVB)
Leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg, er klar for vårsleppet (foto: KVB)
Lokalmat er blant tinga du vil finna på vårsleppet (foto: KVB)
Lokalmat er blant tinga du vil finna på vårsleppet (foto: KVB)
1 av 2
Leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg, er klar for vårsleppet (foto: KVB)
Lokalmat er blant tinga du vil finna på vårsleppet (foto: KVB)

Vårsleppet er tradisjonen tru starten på sommarsesongen på Osøyro.

– Det blir marknad i år òg, sjølv om eg ligg litt bakpå etter å ha vore i pappapermisjon, men mykje er klart og det er mange som har tatt kontakt for å stilla, fortel William Lindborg, leiar i Os sentrum.

Mat i fokus

Lindborg fortel at årets marknad får eit relativt sterkt innslag av opplevingar for ganen.

– Vi har fått inn ein god del lokale utstillarar frå Bjørnafjorden Matkultur, så mat blir eit fokusområde. Det startar allereie klokka 10 på formiddagen når vi inviterer osingane til frukost på Torget.

– Vi kjem til å stenga av sentrum rundt Torget slik at det blir Torggata og gata Øyro som blir marknadsplassen. Det vil gje oss ein kompakt og fint marknad.

Vartun med eigne produkt

Men det er ikkje berre mat som blir fokus også andre lokalproduserte varer blir å finna.

– Eg synest det er spesielt kjekt å ønskja gjengen frå Vartun velkomen. Dei har nemleg kjøpt seg dreiebenk for pengane dei tente då dei sto her i fjor, og har utvikla ei rekkje nye, fine varer og stiller i år med eit større sortiment. Desse gler eg meg til å sjå på Øyro.

Konsert og trim

Vårsleppet er starten på sommarsesongen og sentrumssjefen gler seg til å visa fram Osøyro etter vinterdvalen.

– Vi har ikkje planlagt å ha felles moteshow denne gangen, men derimot blir det både musikk og trim. Os Musikkforening kjem nemleg for å halde konsert. I tillegg har Os Orienteringsklubb laga eit opplegg med sentrumsorientering som folk kan få prøva seg på. Dei er jo allereie godt i gang med både fotoorientering, stolpejakt og turorientering, avsluttar Lindborg, som satsar på at finvêret som er meldt laurdag kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.