Sport | 22. mai 2009

- Satsar på 120 knop!

I fjor måtte Anders Arefjord bruka reservemotor og lånt propell. I år håpar han på å klara mellom 110 og 120 knop i Bergen Poker Run. Om han får drevet på plass i tide.

- Satsar på 120 knop!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mai 2009 12:27

Anders Arefjord sin RibCat 38 er verdas raskaste rib. Den blei bygd for å setja verdsrekord, og det klarte den med 101,8 knop.

Men Arefjord, som kjøpte skroget i Sverige, fekk ikkje motoren han hadde bestilt frå USA på plass før Bergen Poker Run i juni i fjor. Likevel stilte han til start, med 1050 hk i staden for 1470 hk, og med feil propell.

- Etter fire døgn med jobbing fekk vi motor og skreddarsydd eksossystem på plass, men med feil propell og for liten motor blei det berre 70 knop. I haust kom motoren eg hadde bestilt, men no ventar eg på drev, seier Anders Arefjord.

Laurdag 13. juni går årets Bergen Poker Run frå Bergen til Bekkjarvik. Til då satsar Arefjord på å vera klar.

- Blir det full klaff bør vi koma oss godt over 100 knop i år, kanskje opp i 110 til 120 knop, håpar Arefjord.

Båten skal i desse dagar fraktast til eigen hall i Hegglandsdalen, der også tidlegare Bergen Poker Run-deltakar Eirik Haugland mekkar båt.

- Også Eirik har ny motor som han held på med, men han er i Nordsjøen under årets race, så han har det ikkje like travelt som meg, seier Anders.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.