Næringsliv | 30. juni 2011

Satsar på det søte

Marknadsdagane starta i fint vêr torsdag, og nokre av utstillarane satsar på sjarmen og amerikanske søtsaker.

Satsar på det søte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. juni 2011 20:03

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Onsdag kom European Market på plass, med noko færre utstillarar enn først venta, og ein våt velkomst i form av striregn.

Les òg:
Delikate dagar

I dag kom sola og litt høgare temperatur, og gjesteutstillarane frå kontinentet blei supplert av lokale utstillarar, etablerte butikkar som flyttar dei beste tilboda ut på gata og lokale lag og organisasjonar som Os Pensjonistforening og Os LHL, som vider kva dei har å by på.

Nokre unge jenter, som verken er tilslutta butikk eller frivillig lag, har rigga seg til med stereoanlegg og ein fargerik stand skilta med «Sweetnezz».

På bordet står ei skål med cupcakes og glas med rosa drinkar.

– Vi har ein liten amerikansk stand og det går veldig bra. Vi har selt over 100 cupakes allereie, fortel Julia Våge.

– Oda Elise sin far har nettopp vore i USA og skaffa oss Kool Aid. Kakene har vi bakt sjølv, legg Veslemøy Lekven Moberg til om venninna Oda Elise Nordberg.

Mellom ost frå Nederland og pølse frå Italia har spanjolane sett opp nokre benkar der dei som kjøper ferdiglaga paella kan setja seg ned og eta. Også utanfor posten har det kome ein gatekafé, der er det asiatar og sel grillmat.

Telta går frå Brugata ved G-Sport gjennom både Øyro og Landboden og ut til Telthuskvartalet.

Også fredag og laurdag er det meldt greit marknadsvêr, lettskya og 15-16 gradar.

Sjå vêrvarsel for Osøyro her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.