Satsar på Johs Lunde
Etter 18 år som marknadarkedssjef hos Askeladden, Henrik J. Askviks Sønner AS, er Leif Bergaas no engasjert av Johs Lunde Marine Group AS.


Fredag 10. januar fekk Johs Lunde som ein av fleire interessentar kjøpa delar av konkursbuet; 243 ferdige Askeladden-båtar som står lagra utanfor fabrikken i Askvik.
- No jobbar vi først og fremst for å få kjøpa merkevara Askeladden og produksjonsretten til denne. Desse forhandlingane har nettopp starta, seier Leif Bergaas.
Johs Lunde har gjeve samla bod på alle delar, men banken har av praktiske årsakar valt å splitta det opp. Trinn tre blir eigedom og fabrikk. Dette gjev begge partar tid til diskusjon og å få formalitetar på plass før overtaking.
- Vi har fått rett til å bruka delar av fabrikken fram til juni, så vi står ikkje låst. Ved sjøen har Askvik Maritim, som Lunde via sitt deleigarskap i Bergen Båt er medeigar i, leigekontrakt som varar i fleire år framover, fortel Bergaas.
- No i januar har vi fått løyve til å bruka fabrikken til sjekk og klargjering av båtane vi har kjøpt. Desse skal ut til eksisterande forhandlarnett, og sjølv om dei blir selt til litt snille prisar, blir det ikkje noko prisdumping, slår Bergaas fast.
Blei engasjert av Lunde Gruppen
Dei som har viste interesse for buet har også kontakta de tidligere nøkkelpersonene i Askeladden Henrik Askvik, Georg Askvik og Leif Bergaas for å få dei med vidare. Dei tre takka ja til alle.
- Etter konkursen tok ting lengre tid enn eg hadde trudd, så då det nærma seg jul snakka eg med Henrik og Georg om anten å velja éin, eller takka ja til eit jobbtilbod frå ein helt annan bransje. Eg satsa på Johs Lunde, for eg hadde mest tru på at det var dei som kom til å overta Askeladden.
Bergaas kontakta eigar Johannes Lunde i Stavanger og kom fram til ein avtale.
- Dette er eg glad for, og set no alle ressursar inn på at prosjektet skal bli bra for både ny eigar, Askeladden-forhandlarane, og Askeladden-kundar og eigarar over heile landet. Johs Lunde Marine Group er ein leiande aktør innan marinebransjen i Noreg, og det er derfor spennande å få vera med å utvikla og styrka deira posisjon.
Bergaas sitt engasjement hos Johs Lunde skal reforhandlast til våren.
På messe som før
Får Lunde Gruppen det som dei vil, kan det liv i Askeladden-fabrikken igjen.
- Då kjem vi nok først til å produsera mindre båtar, og de modeller som folk flest forbinder med Askeladden og siden se markedet an. Commuter-serien er interessant som eigen nisje, og kan bli produsert parallelt, kanskje i Polen som tidlegare.
I slutten av januar byrjar dei første båtmessene. Først ut er Gøteborg. Askeladden kjem til å vera representert i Sverige, Danmark, Nederland og Noreg, om ikkje med like store stands som før, så er forhandlarane på plass. I Bergen er det Bergen Båt AS og deira partnarar som forhandlar som vil visa Askeladden-programmet. Gode messetilbod blir det også, spesielt på dei utvalte båtane som nyleg er kjøpt frå buet.
- Uroa som har vore i haust blir lite merkbar for publikum og kundar. Service og sal går stort sett som før framover, i den skalaen marknaden bestemmer.
Konkursen: Mista banken som støttespelar
Arbeid utgjer 1/3 av verdien på ein Askeladden, materialar og delar 2/3. For å få gode prisar på råvarene kjøpte Henrik J. Askviks Sønner store parti direkte frå fabrikk i ulike land.
- Vi hadde ein factoringavtale med DnB Nor Finans som gjorde at vi etter ein vinter med produksjon fekk utbetalt 80 prosent av salssum på båtar vi fekk ut til forhandlarar ved sesongstart. Då desse pengane skulle betalast tilbake i mai, hadde vi berre fått inn pengar frå nokre få forhandlarar. Banken tok trekk i kontoen, og vi sto brått med mange millionar kroner på minus. Då var det lite hjelp i at det kom inn 3 millionar her, og 5 millionar der, fortel Leif Bergaas om starten på konkursen.
Det blei permitteringar og forsøk på å redda selskapet. Finanskrisa gjorde at banken ikkje lenger ville stilla opp, trass i stor eigenkapital og mange år med positivt resultat.
- Kva med den tredje eigaren, Brunswick?
- Vi hadde skriftleg korrespondanse med dei. Brunswick hadde også store problem i sine mange båtfabrikkar i USA, så store at ein konkurs i Askvik likna eit skrubbsår. Sjølv om vi er stor kunde på motor hos Brunswick Norge, var det altså ikkje støtte å henta hos storebror i vest.
Lunde Gruppen – medverkande til konkursen?
Lunde Gruppen AS er eit holdingselskap som er konsernspiss i Johs Lunde-konsernet. Konsernet har seks forretningsområde, transport, eigedom, båt, verkstad, dekk og entreprenør-verksemd.
Lunde Gruppen eig, eller har stor eigarpost, i fleire båtforhandlarar. Norsk Båtsenter AS, som har alt sal av Princess i Noreg, Sverige og Danmark, og forhandlarar i Os/Aksvik, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Tønsberg, Oslo, Gøteborg og København.
- Johs Lunde var vel med sine forhandlarar ein av dei som skulda pengar til fabrikken som gjekk konkurs. Nokon kan vera skeptisk til at dei no kjøper buet, kva tenker du om det?
- For det første: Johs Lunde sine forhandlarar betalte for seg, men litt seinare, slik mange andre gjorde. Eg forstår at nokon tenker slik du fortel, men problema bransjen fekk i fjor var ikkje noko nokon ønska seg. Kvar forhandlar er eiga bedrift, og den vanskelege marknaden i fjor var lik for alle.
- Problema vi fekk ville kome sjølv om nokre fleire forhandlarar hadde klart å gjera opp for seg tidlegare, finanskrisa om manglande støtte frå banken i ei vanskeleg tid blei avgjerande.
- Var produktutvikling og investering i ny fabrikk med på å gjera selskapet sårbart og lite rusta mot nedgangstider?
- Produktutvikling var ein viktig årsak til Henrik J. Askviks Sønner sin suksess i fleire år, og ny produksjonslinje noko det blei behov for. Det er vanskeleg å peika på noko som kunne vore gjort på ein annan måte, eg trur heller ikkje det er slik at vi kan finna enkeltpunkt som førte til situasjonen vi hamna i.
- No tenker vi uansett framover, og eg trur at Askeladden og gode hjelparar vil vinna tilbake "prinsessa" og den leiande posisjonen i småbåtmarknaden i Noreg, seier Leif Bergaas til Midtsiden.no.