Næringsliv | 21. jan. 2018

Satsar på pleiesalong i Irisgården

Beauty and the City i Bergen deltar i opning av klinikk i Os.

Satsar på pleiesalong i Irisgården
Beauty and the City etablerer seg i tredje etasje i Irisgården i februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. jan. 2018 18:36

Bildeserie:

Marietta (nede t.v.) driv frå før ein klinikk i Bergen.
Marietta (nede t.v.) driv frå før ein klinikk i Bergen.
Zsofia er negledesigner og blir eigar på Os.
Zsofia er negledesigner og blir eigar på Os.
1 av 2
Marietta (nede t.v.) driv frå før ein klinikk i Bergen.
Zsofia er negledesigner og blir eigar på Os.

Irisgården har fått ny leigetakar til 120 kvadratmeter i 3. etasje.

Som nabo til Irislegene kjem Beauty and the city Blue Lux.

– Eg driv frå før Beauty and the City i Bergen. Då ei venninne av meg ville at vi skulle jobba saman, vurderte vi å opna ein klinikk til i Bergen, men vi har mange kundar frå Os frå før, så vi tenkte marknaden kanskje er betre her, fortel Marietta Kiss.

Ho blir ein av dei tilsette ved klinikken, mens venninna Zsofia Szekely blir eigar.

Etablerte metodar og nytt utstyr

Marietta er utdanna innan hudpleie og medisinsk hudpleie. Ho utfører også voksing, figurforming og permanent makeup.

– Zsofia driv med negledesign, figurforming og trening.

Innan trening har Beauty and the City òg med seg personleg trenar Viktor Papp.

– Ved sidan av å innreia lokalet vil ankomst for ulike nye maskiner og apparat avgjera kor tid vi er klare til å opna.

– Vi har bestilt utstyr og maskiner innan speed-fit, Protulse (kavitasjon, radiofrequency), lipo-laser og ei massasjemaskin bygd for lymfedrenasje, fortel Marietta.

Dei overtar lokalet 1. februar og reknar med å opna seinast den tredje veka i same månad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.