Kultur | 24. apr. 2019

Satsar vidare på naturopplevingar

Flåten Naturbarnehage har for andre året på rad eigne kyllingar - no skal dei bu fast i barnehagen.

Satsar vidare på naturopplevingar
Linn, Mia, Chantelle og Haakon serverer frukost til dei dei nye bebuarane i Flåten Naturbarnehage. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 24. apr. 2019 10:05

Bildeserie:

Vennskap for livet. (Foto: KOG)
Vennskap for livet. (Foto: KOG)
Flåten Naturbarnehage har bygt eige hønsehus. (Foto: KOG)
Flåten Naturbarnehage har bygt eige hønsehus. (Foto: KOG)
Liv Lindtvedt Søfteland (t.v.) og Anne-Lill Bergesen fortel om engasjerte born - og vaksne. (Foto: KOG)
Liv Lindtvedt Søfteland (t.v.) og Anne-Lill Bergesen fortel om engasjerte born - og vaksne. (Foto: KOG)
Namneskilt må til  (Foto: KOG)
Namneskilt må til (Foto: KOG)
– og ambisjonane er klare. (Foto: KOG)
– og ambisjonane er klare. (Foto: KOG)
Elsa frå «Frost-filmen»? (Foto: KOG)
Elsa frå «Frost-filmen»? (Foto: KOG)
– Dei er flinke til å bæsja mykje, fortel Haakon. (Foto: KOG)
– Dei er flinke til å bæsja mykje, fortel Haakon. (Foto: KOG)
Flåten Naturbarnehage vil satsa vidare på nærleik til naturen fortel styrar, Liv Lindtvedt Søfteland. (Foto: KOG)
Flåten Naturbarnehage vil satsa vidare på nærleik til naturen fortel styrar, Liv Lindtvedt Søfteland. (Foto: KOG)
Plantekassar er no plassert ut i barnehagen. (Foto: KOG)
Plantekassar er no plassert ut i barnehagen. (Foto: KOG)
Ein nyleg foreldredugnad resulterte i dette utekjøkkenet. (Foto: KOG)
Ein nyleg foreldredugnad resulterte i dette utekjøkkenet. (Foto: KOG)
1 av 10

I fjor starta barnehagen i Gymnasvegen med å ruga fram eigne kyllingar.

I år utvidar dei konseptet yttarlegare - no har barnehagen bygt sitt eige hønsehus.

– Dei er flinke til å bæsja!

Saman med Chantelle, Mia, Haakon og Linn får vi vera med inn det nye hønsehuset i barnehagen.

– Vi har med frukost til kyllingane, fortel Linn. Dei skal få spaghetti, noko dei er veldig glade i.

Med varsamme nevar, og heile tida med fokus på kvar dei trør, vert frukosten rettferdig delt ut.

– Dei skal bli høns når dei vert store, fortel Haakon, men nett no er dei berre veldig flinke til å bæsja mykje.

Litt uvisse kring kven som er kven av dei fire kyllingane er det, men store, flotte namneskilt ligg klare til å hengjast opp på veggen.

God lærdom om livet og naturen

Styrar i barnehagen, Liv Lindtvedt Søfteland, fortel at nærleik til naturen er ein viktig del av kvardagen i barnehagen.

– Vi er ein naturbarnehage, og med eit prosjekt som dette får borna følgja kyllingane tett frå egg i rugemaskin til fullvaksne høns.

Søfteland fortel at nokre av egga ikkje gav kyllingar, og då vert gode diskusjonar om liv og død er ein del av prosjektet.

– Borna har gode spørsmål og refleksjonar, og dei er flinke til å forklara for kvarandre kvifor ting er som dei er.

Godt sikra - og det kjem fleire

– Det vart 13 kyllingar denne gongen, fortel Søfteland.

– Tre av dei klarte seg dessverre ikkje, to av dei gav vi vekk til nokon som driv med høns, fire skal bu her i barnehagen, og dei siste fire skal bu heime hos Anne-Lill.

– Eg har hatt alle kyllingane heime hos meg no i påsken, fortel Anne-Lill Bergesen, men i natt skal desse fire overnatta i barnehagen for første gong.

Barnehagen har fått reist sitt eige hønsehus, sikra mot rovdyr, og no håper både born og vaksne at kyllingane får vera i fred.

– Vi har sikra oss godt mot rovfugl, men vi håper vi slepp at laushundar tek seg inn i barnehagen.

Søfteland og Bergesen kan òg fortelja at det i desse dagar ligg fleire egg i rugemaskina til barnehagen;

– Ja, vi ventar fem-seks kyllingar til om ikkje lenge. Nokre av desse er av typen Appenzeller, og med sin litt spesielle utsjånad kan dei bli spanande tilskot her i barnehagen.

Vil satsa vidare naturlege opplevingar

Søfteland fortel at barnehagen òg har byrja å planta ulike vekstar i plantekassar på uteområdet.

– Draumen er å få realisert eit eige drivhus kor vi saman med borna kan dyrka fram våre eigne matvarer.

Vert barnehagen ein liten gard til slutt - det hadde jo vore fint med både gris og geit her ...?

– Nei, eg trur ikkje vi skal heilt der, men det er kjekt å sjå korleis både born og vaksne tek del i dei prosjekta vi har starta med. Vi skal i alle høve halda fram med å utvikla dei gode, naturlege opplevingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.