Lokal | 15. sep. 2019

Sau drepen då bil køyrde utfor

– Bilen svevde over gjerdet, knekte ein stolpe og drap ein sau, fortel vitne.

Sau drepen då bil køyrde utfor
Ulykka skjedde i dette området. Ein av sauane som beiter i området blei drepen av bilen som køyrde utfor. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. sep. 2019 11:27

Laurdag klokka 18.45 kom det melding om utforkøyring på Fanafjellsvegen.

– Det er ingen personskade, opplyste politiet via Twitter.

Ulykka skjedde på Os-sida av Fanafjellet. Eit vitne som BT har snakka med fortel at utforkøyringa var eit skikkeleg svev, og at det må ha vore forferdeleg for bilførar.

Ein lyktestolpe blei knekt i utforkøyringa. Det gjekk fleire sauar på beite langs vegen, ein av desse blei drepen.

– Burde hatt bom eller tavle

Fanafjellsvegen var stengt i fleire timar mens redningsarbeid og bilberging pågjekk.

Fleire privatpersonar engasjerte seg for å hindra at folk køyrde tett på ulykkesstaden, utan god sjanse til å snu.

– Vi fekk beskjed om at politiet ikkje hadde kapasitet til å dirigera. Sjølv sto eg lengre oppe på Fanafjellet og prøvde å stoppa bilar, men det var fleire som berre køyrde forbi, fortel ei kvinne til Midtsiden.

– Til slutt gav eg opp, eg blei søkk våt i striregnet.

Ho fortviler over gjentakande problem etter ulykker, der trafikkbildet blir forverra fordi varslinga ikkje er god nok. Resultatet blir at Lysefjorden og Nordvik blir innestengt unødig lenge.

– Det burde absloutt vore ein bom eller ei tavle som sa om vegen var farbar eller ikkje, meiner ho.

I mellomtida er Facebook-sida Trafikkmeldinger Fanafjell ofte den beste kjelda til oppdatert informasjon, både om eventuelle ulykker og om køyreforhold vinterhalvåret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.