Fritid | 22. des. 2023

Saunaforankring i tett snø

Fredag kveld opna Os Sauna for booking.

Saunaforankring i tett snø
Jon Oskar Døsen, Gard Mathias Helland og Michael Koopmann var på vakt for Samba Marin fredag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. des. 2023 20:02

Onsdag kom Os Sauna til Os hamn, i dag blei den forankra i brygga innanfor moloen på Steinneset.

– Vi har ikkje villa opna for booking før vi visste at alt var klart, men no har skrudd på brytaren på ossauna.no, seier dagleg leiar i Os Turn, Marita Haugland.

På plass i rett bås, så var det ut med lodd som skal halda den i posisjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På plass i rett bås, så var det ut med lodd som skal halda den i posisjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Jon Oskar Døsen, Gard Mathias Helland og Michael Koopmann og var på vakt for Samba Marin.

– Vi fjernar inste fortøyingsbom, så det blir litt rom rundt saunaen. Så er det ut med lodda som skal halda den på plass, seier Jon Oskar.

Saunaen ligg inst mot moloen, godt skjerma på den noko vêrutsette plassen.

Vindauga peikar mot hamna, inn mot molo og bubil er det flat vegg. (Foto: KVB)
Vindauga peikar mot hamna, inn mot molo og bubil er det flat vegg. (Foto: KVB)

– No er vi spente på respons og bruk! seier Marita.

Snikpremieren var allereie onsdag etter ankomst (sjå video og bildeserie under), men booking og bruk startar først vesle julaftan.

Offisiell opning blir fredag 5. januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.