Dansar og danselærar Narkesha Alfanta følte seg treft avmanus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dansar og danselærar Narkesha Alfanta følte seg treft avmanus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

«Se meg»: – Eg gret då eg fekk lesa manus

The Juice Crew gjorde saman med dansarar frå Søre Neset inntrykk i Oseana.

Kjetil Vasby Bruarøy
28. januar 2020 - 11:42

– Vi høyrer stadig om ungdom som måler sin eigen popularitet, eller mangel på denne, i «likes» i sosiale media. Og vi har vel alle ein i venegjengen som trekk seg litt tilbake når ein gjeng er saman, ein som gøymer seg litt vekk for å tasta på mobiltelefonen.

– Denne venen kan vera einsam, og mobiltelefonen blir som ein falsk bestevenn, ein stad å flykta til. Legg heller frå deg telefonen, lat folk sjå deg! sa Raid Al-Idani frå The Juice Crew under øving i ungdomshuset på Haugland i starten på januar.

Etter framsyning i Fana og på Husnes var det søndag show i Oseana.

– Vi fekk gode tilbakemeldingar frå publikum, også frå lærara og andre som jobbar med ungdom, fortel Daniel Fagerlid Andreasson.

I Oseana var det rundt 200 som fekk sett framsyninga.

– Fana og Husnes var for generalprøvar eller førpremierar å rekna. Det er først her i Oseana vi har køyrd fullt show, seier Moh Dasoki.

Eit rørande manus

Dansen er, som venta, skarpt levert. The Juice Crew har blant anna vore i finalen i Norske Talenter (2014) og i Mitt dansecrew (2016).

3 av dei 4 medlemmane i dansegruppa deltar i framsyninga, og har med seg lokale dansarar, blant anna brørne Daniel og Steffen Fagerlid Andreasson frå Bjørnen - som absolutt såg ut til å vera i takt med sine meir kjente dansevenar.

(Artikkelen held fram under bildet)

Brørne Steffen og Daniel frå Os dansa med The Juice Crew. (Foto: KVB)
Brørne Steffen og Daniel frå Os dansa med The Juice Crew. (Foto: KVB)

I tillegg ser produksjonen ut til å sitja. Lys, lyd, lydeffektar og kulissar passar dans og manus. Sidan forventningane til dansenummera blir høge med Juice på menyen, var det kanskje manus som overraska og imponerte mest.

«Se meg» set eit kritisk lys på dei som ønskjer å bli sett, samtidig som det handlar å faktisk bli sett. Sverdet kappar effektivt med begge eggar.

Framsyninga fortel ei historie med tekst, stemme, skodespel, lydar og dans. Dialogen er truverdig og, særleg monologen frå mor, treff hardt.

«Du har blitt så besatt av hvordan kroppen din ser ut at uansett hva du ser i speilet, så er du ikke bra nok. Du er på konstant utkikk etter det nye, nye klær, ny sminke, nye followers…. Og mer likes. For du skjønner all den skjønnheten vi beundrer, den vil bli borte ...» lyder eit utdrag.

– Følte med treft

Etter showet kom fleire frå publikum uoopfordra til Midtsiden med kommentarar som «dette burde fleire ha sett, både ungdomar og vaksne».

Fleire var rørt, nokre gret.

– Eg gret eg òg, då eg fekk manus, og mens vi øvde. Eg kjente meg treft, innrømmer Narkesha Alfanta.

Ho skildrar sitt eige forhold til sosiale media som gjennomsnitteleg, med rundt 900 følgjarar på Instagram og ein ambisjon om å ta litt gode bilde for å dela med andre. Narkesha er frå Værlandet i Sogn, men bur no i Bergen og jobbar som danselærar to stadar, blant anna hos Hildemors.

– Mora mi er danselærar, men sjølv byrja eg ikkje å trena systematisk før eg gjekk i 7. klasse. Å vera med på «Se meg» har vore lærerikt på fleire måtar, båda i innhald og innan det å prestera under press.

Ho skulle ha ei lita rolle, men rolla framstår som ei hovudrolle. Ho fekk fire dagar å øva før første framsyning.

Fortener ein noregsturné

«Se meg» er ein idé The Juice Crew har gått med ei stund, som det i vinter blei tid til å gjennomføra. Alt er gjennomført utan budsjett eller støtte, det er først no at den kjente dansegruppa vil prøva å nå breiare ut med stykket.

– Eg er stolt over kva vi har skapt, og glad for responsen. Det er mogleg at vi fortsatt justerer litt og forbetrar litt.

– I tida framover vil vi retta oss mot ulike organisasjonar, for å sjå om det er rom for å visa dette til fleire, seier Raid Al-Idani.

I haust fekk lærarar og andre som jobbar med ungdom i Os sjå framsyninga «#hengdeg av Nittedal Teater, som seinare òg blei vist for ungdomar og foreldre. Framsyninga er Noregs største innan temaet mobbing, vist over 600 gongar til over 260.000 sidan 2013.

Underteikna hadde høyrd ros av framsyninga, men synest den kunne vore betre på fleire punkt. Kva med å skildra ein utgang for desse skjebnene, når du går så hardt til verks for å skildra sorg og depresjon? Og kvifor gi deprimert ungdom idé om å ta skytevåpen med på skulen?

«Se meg» er i ein annan kategori, men med noko overlappande tema og retta mot same målgruppe. Slik vi ser det fortener denn framsyninga òg eit stort publikum. 

 

Les meir om

Kultur Oseana Scene