Brann og beredskap | 25. aug. 2021

Seglbåt kollsegla

Båtførar skal ha snudd den tilbake sjølv, og er uskadd.

Seglbåt kollsegla
Redningsmannskap rykte ut til Skeisosen i ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. aug. 2021 18:05

Litt før klokka 18 onsdag ettermiddag kom det melding om ein seglbåt som hadde kollsegla utanfor Askvik.

Redningsmannskap rykte ut.

– Det blei slått full alarm. Hovedredningssentralen koordinerte aksjonen, og både helse og politi var kopla på, seier varabrannsjef Erik Walden.

I mellomtida kom det melding om at båten var på rett kjøl igjen.

– Vedkomande om bord er uskadd, alt er ok.

Det var to vaksne menn om bord, opplyser politiet torsdag.

Dei skal ha drive sportssegling i ein mindre katamaran, og hadde sin eigen metode for å snu båten. Men det var litt ekstra vind i går, så dei kjempa ei stund før båten var på kjøl igjen.

– Då vi endeleg fekk båten i drift igjen, og fekk opp farten, oppdaga vi at vi hadde redningsbåtar etter oss, seier Klas Færøvik og ler.

Han og med-seglar Rune Walle hadde «full kontroll», og redningsbåtane kunne sendast tilbake i beredskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.