Segling i solskin
I strålande solskinsvêr var det denne veka oppstart av årets tirsdagsseglas i Os Seilforening.
Bildeserie:
Seglarane i seglforeininga har gleda seg til å endeleg starta årets seglas, og tirsdag var tida komen.
Vinden gjorde det ikkje enkelt for Nils Midtseter og Terje R. Eltvik med val av løp. Den var av og på, skifta retning og var veldig svak.
– Etter 15 minutt var vinden bra nok til at dei kunne starta båtane på eit løp til ei bøye ved Alholmen, via målbøya i Strøneosen til nordre vind/straumbøye i Bjørnafjorden og tilbake i mål i Strøneosen, fortel Svein Skoglund frå seglforeininga.
Åtte av dei fjorten båtane som var påmeldt hadde klart å gjera seg klare til den første seglaset. Det blei starta i to klasser til, med rating 0,940 og fra og med 0,941 og over.
– Vinden varierte og det blei ein fin seglas opp mot bøyen ved Alholmen. Nokre prøvde seg med spinnaker som dei så vidt klarte å få til å stå i vinden, medan andre brukte Genova.
– Kva som er riktig er ikkje lett å seia, det ein tener på spinnaker taper ein lett når ein tar seilbytte.
Fjorden bada i solskin
På veien tilbake til Strøneosen fekk båtane perioder med bra fart og spinnakerene kom opp på nytt mot Bjørnafjorden på ein skarp slør.
– Då vi nærma oss runding der løya vinden nesten heilt, og det blei å leita etter vindfelt tilbake mot mål.
– Mannskapa klaga ikkje for dei kunne nyta den fantastisk fine fjorden som bada i solskin, og etter målgang var vinden omtrent heilt vekk, så då smaka det svært godt med kaffi og kjeks.
Skoglund tykkjer det er godt å vera i gang og gler seg til neste tirsdag der han håper på meir vind og at dei fleste båtane då er klargjort for seilas.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.