Lokal | 05. juli 2018

Seier ja til fem fleire flyktningar

IMDi ber Os kommune ta i mot fem fleire flyktningar enn tidlegare planlagt. – Heilt uproblematisk, seier ordføraren.

Seier ja til fem fleire flyktningar
Ordførar Marie Bruarøy (H) seier det er uproblematisk å ta imot dei 20 flyktningane som IMDi oppmodar kommunen om (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 05. juli 2018 09:22

I eit brev til Os kommune oppmodar IMDi kommunen om å ta imot 20 flyktningar i staden for 15 som tidlegare oppmoda.

Bakgrunnen for oppmodinga er eit auka behov for busettingsplassar i år. Dei nyaste prognosane til IMDi syner nemleg at det er eit behov for busetting av rundt 5300 flyktningar i 2018, inkludert 270 einslege mindreårige.

– Prognosane baserer seg på talet på asylsøkjarar som kjem til Noreg, talet på overføringsflyktningar Stortinget vedtar, og andre internasjonale forpliktingar. Noko av auka i busettingsbehovet kan knytast til «oktoberborna», som er afghanske einslege mindreårige som har fått saka si vurdert på ny, heiter det i brevet.

– Heilt greitt, seier ordføraren

Os kommune fatta, då flyktningekrisa var på sitt verste, eit politisk vedtak om å ta i mot henhaldsvis 45, 40 og 40 flyktningar i 2016, 2017 og 2018.

– Det politiske vedtaket står seg, og vi treng ikkje noko ny politisk handsaming for å behandle denne oppmodinga.

– Det er IMDi som har nedskalert behovet og bedt oss om å ta imot færre, så at dei no oppjusterar behovet litt er heilt uproblematisk, seier ordførar Marie Bruarøy (H).

– Vi har rigga organisasjonen vår for å ta imot 40 nye i år, så at vi no blir beden om å busetta 20 er heilt greitt.

– Vi tek dei vi får, og skal gjera vårt for at dei skal få eit godt liv i Osbygdo. Vi har eit godt integreringsprogram for dei som kjem.

Vinn-vinn

Bruarøy fortel at ho eigentleg er litt glad for at dei no blir beden om å ta imot fleire.

– Vi, som dei fleste andre kommunane, rigga oss for å ta i mot mange fleire mellomanna med å tilsetta fleire folk. Det gjer at dei fleste kommunane står med høge utgifter, som dei berre til ein viss grad får dekka inn.

– Det at vi no blir beden om å ta imot fleire er difor ein vinn-vinn-situasjon. IMDi får busett flyktningane og vi får dekka meir av utgiftene våre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.