Lokal | 21. juli 2017

Seier nei til flytting

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

Seier nei til flytting
Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta Hamnesjefen og familien til Tysnes. Dermed er framleis skadefellingsvedtaket gjeldane (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 21. juli 2017 10:33

I eit vedtak fatta av Miljødirektoratet fredag 21. juli avslår dei søknaden om innfanging av knoppsvaner for flytting fra Os kommune til innhegning på Tysnes.

«Miljødirektoratet har mottatt søknad om å fange inn og flytte fem svaner fra Os til en innhegning på Tysnes. Det er en restriktiv praksis for fangst av voksne dyr og hold av vilt i privat fangenskap, i tråd med prinsippene i lovverket. Miljødirektoratet kan ikke se at det foreligger tilstrekkelige argumenter for å fravike hovedregelen om at ville dyr ikke skal være i fangenskap, og avslår søknaden om å fange inn og holde fem svaner i fangenskap.»

• Les òg: Drog ei lita jente under vatn

Innhegninga kan vera for knapp

I søknaden som blei sendt inn var det også vedlagt ein nyare veterinærrapport som skildrar fugleanlegget på Tysnes. Rapporten fortel om den 1,4 mål store fugleinnhegninga som bærer preg av å vera svært godt vedlikehalde, hygienisk og reinsleg. Rapporten fortel at det ikkje blir gjeve inntrykk av å vera stor «individtetthet», og at fuglane ser friske ut.

• Kommentar: Bør «Hamnesjefen» fjernast?

– Veterinærrapporten opplyser om at innhegninga kan vera knapp for svanene, men at det likevel blir vurdert til å vera nok plass. Terrenget si helning og taket på innhegninga gjer det mogleg for svanen å lufte vingene utan rømningsfare. Så framt svanene spiser det som blir tilbode av fôr, vil ikkje mattilgangen bli eit problem vinterstid, heiter det i søknaden.

Miljødirektoratet si vurdering

I Miljødirektoratet si vurdering av saka kjem det fram at avlivvingsvedtaket ikkje er grunn god nok til å halda svanefamilien i fangenskap.

– Søknad om innfanging og halding av svanefamilien i midlertidig fangenskap er utløst av et vedtak om å avliva hannsvanen. Avliving av éi svane blir ikkje vurdert som ein trugsel for bestanden av knoppsvaner. Bestandssituasjonen ålene blir derfor ikkje sett som tilstrekkeleg grunnlag for å fanga inn og halda fem svaner i fangenskap.

• Les òg: Vedtaket er fatta

«Det aktuelle svaneparet etablerte seg i Os for omkring 5-6 år siden. Individa har derfor i lang tid levd i det fri, med mulighet til å benytte store områder for å utøve normal atferd. Det er en restriktiv praksis for innfanging og hold av voksne dyr. Dette er fordi de voksne dyrene er vant til å benytte store arealer i frihet, og vil kunne ha større utfordringer med å tilpasse seg et liv i fangenskap sammenlignet med dyreunger eller individ som er født i fangenskap. Svaneparet i Os vurderes på samme restriktive linje som tilsvarende situasjoner hvor det søkes om å sette voksne individer i fangenskap.»

– Det blir påpeika at svanene er monogame og bør få leva saman. Dette er eit prinsipp som vi forstår argumentet bak. Frå ei anna side vil det likevel kunna stillast spørsmål om det er rett å fanga inn og halda fire individ som ikkje har gjort skade (dvs ho og tre ungar) i fangenskap. Det kan vidare stillast spørsmål om ungane som veks opp i innhegninga vil læra seg den type næringssøk som dei treng for å leva i det fri. Dette synes imidlertid noko uklart.

– Flytting av svana til ein annan stad fri i naturen er vurdert som ueigna av både kommune og veterinær, då svanen sannsynlegvis vender tilbake til staden dei i dag oppheld seg. Miljødirektoratet er einig i denne vurderinga.

– Videre er innfangning og hald av dyr i fangenskap ikkje ein ønska måte å løysa situasjonar der dyr viser uønska åtferd.

Fellingsvedtaket gjeld

Kommunen sitt vedtak om skadefelling står seg med det.

– Det er trist og leit at det ikkje let seg gjera å finna ei anna løysing på dette. Det er synd for «Hamnesjefen», men vedtaket frå landbrukskontoret er framleis gjeldande, seier ordførar Marie Bruarøy (H).

Det betyr at «Hamnesjefen» blir avliva ein gong mellom søndag 23. juli og søndag 6. august.

Slik er vedtaket:

«Os kommune gjev løyve til å felle ein knoppsvanehann, også kjent som «Havnesjefen».

Løyvet gjeld frå 23.07.17 og 14 dagar fram. Resultat og effekt av tiltaket skal meldast til landbrukskontoret.

Vedtaket har heimel i naturmangfoldlova §18 tredje ledd første punktum.

Uttak etter denne delegasjonen reknast ikkje som enkeltvedtak og kan ikkje påklagast.»

Det er Os lensmannskontor som skal stå for fellinga av svana.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.