Lokal | 03. des. 2014

Seks nye ladestasjonar

Talet på ladepunkt for elbil i Os sentrum er no dobla. Her er ei oversikt over alle ladepunkta i Os kommune.

Seks nye ladestasjonar
På kyrkjeflaten har det no kome fire ladepunkt for elbil, utanfor Os Rådhus er det kome to nye i tillegg til dei som sto der frå før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. des. 2014 09:01

Os kommune har i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, BKK og Os Elektro sett opp 6 nye ladestasjonar med til saman 12 uttak i Os sentrum.

– Dei nye ladepunkta er lokaliserte ved rådhuset og på Kyrkjeflaten og kan brukas innanfor gjeldande parkeringsreglar, seier leiar for IKT, innkjøp og kontrakt i Os kommune, revisor Sivert Smedsvik.

Frå før hadde Os kommune like mange ladepunkt, i tillegg er det fire ladepunkt ved Os ungdomsskule.

Rundt 40 ladepunkt i Os

Talet på ladepunkt i Noreg auka frå under 500 til over 2500 frå 2009 til 2010. Sidan har det gått seinare, men vi nærmar oss no 5000 ladepunkt i landet.

Hordaland er eit av fylka med flest ladepunkt per innbyggar, «E39 blir EL39» skreiv Hordaland fylkeskommune på sine heimesider i fjor på denne tida.

I Os har talet på ladepunkt no auka frå 31 til 37, ifølgje tal frå gronnbil.no. Lista er nok ikkje heilt oppdatert, for det er no minst 39 i Os. Tre av dei er på Halhjem, som førebels er einaste med hurtiglading.

Her er ladepunkta i Os kommune:
Os sentrum, ved rådhuset og Kyrkjeflaten: 12
Os ungdomsskule, Landboden: 4
Luranetunet: 2
AMFI Os: 2
Osbadet: 2
Os gymnas: 2
Os vgs: 4
Nore Neset Aktivitetshus: 2
Nore Neset ungdomsskule: 2
Søfteland skule: 2
Søre Øyane skule: 2
Halhjem ferjekai: 3

Er det feil i lista eller kjenner du til fleire? Tips midtsiden på kjetil@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.