Sel 400 vårrullar - på ein dårleg dag
Den halvanna år gamle butikken Asia Mat utvida med kjøkken og varmdisk – og då tok det av!
Asia Mat, som opna på Amfisenteret i september 2013, heldt stand gjennom første driftsår.
– Dei første månadane gjekk det akkurat rundt. Vi klarte å betala rekningane, men det gjekk litt tid før det blei butikk av det, fortel Vang Thi Dang.
No står dei ekstra sterkt etter at dei i november kom med eit nytt tilbod; ferske, varme lunsjrettar.
Vårrullar og dagens lunsjrett forsvinn ut disken mens Vang og søsknene koker og steiker ny mat så fort dei kan på kjøkkenet på bakrommet.
I desember auka omsetnaden med over 60 prosent.
Fersk og heimelaga
Vang fortel at dei har mange kundar med asiatisk bakgrunn, men at dei fleste er etnisk norske.
– Det har blitt endå fleire norske etter at vi byrja med varm mat, og vi held ikkje oppskriftene hemmelege.
– Alt vi lager kan folk få oppskrift på hos oss, råvarene har vi i butikken. Vi har godt sal av alle varegrupper og prøver å hjelpa kundane til å læra seg nye rettar, og å velja dei rette varene.
Fekk god hjelp av kommunen
Å få utstyr og løyve til å laga varm mat var noko krevjande, men Thi Dang synest prosessen var effektiv og god.
– Os kommune var veldig imøtekomande og gav oss god rettleiing og hjelp.
– Det var spennande å investera i dette, men godt å få all godkjenning på plass og å få sånn respons på tilbodet.