Kultur | 02. okt. 2009

Sel godt på Os

Den siste veka har både Immortal og ORBO & The Longshots kome med nye album. Starten har vore god for begge.

Sel godt på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. okt. 2009 12:54

Fredag for ei veke sidan kom Immortal med "All Shall Fall", og måndag hadde ORBO & The Longshots release på "Masquerade". Begge platene er for sal hos Musikkverket Playcom på AMFI Os.

- Til no har eg selt 14 av ORBO og 16 av Immortal. I tillegg har eg 6 som har bestilt "All Shall Fall" på vinyl, desse kjem inn måndag, fortel innehavar Tor Owe Rennemo.

- Dette er ein ganske god start for begge. ORBO fekk ein ufortent 3-ar hos BA, denne er minst like god som "High Roller". Kanskje den er med på at salet er noko lågare enn førre plate, legg han til.

At ORBO hadde mange osingar på sleppefest i Bergen sundag, gjer nok at store delar av fansen allereie har sikra seg det nye albumet.

Om ORBO fekk 3 i BA kan han likevel sjå seg nøgd med 5 og strålande kritikk i Opplands Arbeiderblad.

Immortal til topps
Ifølgje Midsiden.no sine kjelder suste Immortal rett inn på 11.plass på den tyske rockelista allereie på releasedagen. Over helga klatra dei til 2. plass. "All Shall Fall" er også på VG-lista, på 23. plass første veka.

Plateanmeldarane er også nøgde, Immortal får 5 i BA og 5 i BT.

Midtsiden.no har ikkje lukkast i å koma i kontakt med verken Ole Reinert Berg-Olsen eller Olve "Abbath" Eikemo i dag.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.