Vedholmen Landhandel i pinsehlga laurdag 19. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sel nesten eitt pizzastykke i minuttet

Rekordvarmen er både positiv og utfordrande for Bunnpris Vedholmen.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 16 søndag blei det ifølgje BT målt 29,8 gradar på vêrstasjonen på Florida i Bergen, det varmaste som nokosinne er målt i mai månad.

Rekordvarme mai held fram med ein topp på onsdag, då er det meldt 30 gradar i Os!

Finvêret held seg gjennom helga, men temperaturen skal ned til 21 gradar fredag og 16 gradar søndag, ifølgje pent.no (Yr vs Storm).

Ei av dei meir vêravhengige verksemdene i kommunen, Bunnpris Vedholmen Landhandel, gler seg over sommartemperaturane og den store båttrafikken.

– Dei fleste er framleis på jobb i vekedagane, så det er i helgene vi har det mest hektisk, seier kjøpmann Inglaug Brimsholm.

1600 pizzastykker

Trass litt vind og noko lågare temperaturar var pinsen, helga etter 17. mai, svært god.

– Dessverre mangla vi ei levering fredag 18. mai, så det blei fort tomt for grillmat, men vi kompenserte med andre ting.

Butikken i Øyane er kjent for pizzaen og bollane dei baker sjølv. Frå 18. mai til og med søndag 27. mai har butikken selt 1.633 pizzastykker og 870 skillingsbollar.

Mesteparten er selt i løpet av dei to helgene, frå 8-18 laurdag og 11-16 søndag, over 800 pizzastykke på 900 minutt med open butikk (om vi ser vekk frå at det òg blir selt nokre stykker frå måndag til fredag).

– Det går naturlegvis også mykje brus, softis og vanleg is. Eg har førebels ikkje samanlikna omsetnaden med mai tidlegare år, men det kan nok bli rekord.

Utvidar til sommarope

Ved sidan av manglande levering før pinse har Vedholmen Landhandel hatt to utfordringar.

– Det elektriske anlegget til butikken har svak kapasitet. Når det er varmt så trekk kjøl og frys meir straum, noko som gjer at sikringane ryker. Straumbrot gjer at det blir omstart og tapt tid både i kassen og på drivstoffpumpene, forklarer Inglaug.

Den andre utfordringa er det er vanskeleg å halda seg til opningstidene.

– I går overtok eg då dei andre skulle heim til stengetid klokka 16. Eg sto i kassen samanhengande til klokka 18.20.

– Men frå 1. juni, altså førstkomande helg, er vi over på sommarope. Då får vi ein time ekstra frå måndag til laurdag, og to timar ekstra om søndagen.

Fleire saker