Sel nye bustadar i same tempo som før

Mens andre opplever bråstopp i sal av nye leilegheiter har Markhus Bolig selt 7 sidan jul.

Monica Helene Hansen og Bjørn Rune Markhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. feb. 2018 11:20

Bildeserie:

Ved barnehagen blei Hjellelia lagt ut for sal før jul. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bøe og Lepsøy Utbygging har selt over 100 hus på 5 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nærmast vatnet skal dette relanserast til våren. (Ill.: BLU)
Markhus sel godt i fleire prosjekt i same område.
Hjelleåsen Panorama har 10 ferdige, der 6 er selt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Samtidig blir det bygd tre terrasseblokker med til saman rundt 100 bustadar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
T1 er ferdig og levert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
T2 har innflytting til påske i år. Store terrassar er blant det kjøparane set pris på.
... saman med utsikt og kveldssol. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ved vatnet blir det bygd tursti. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
60 % av T3, som har innflytting 2019, er selt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ved barnehagen blei Hjellelia lagt ut for sal før jul. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bøe og Lepsøy Utbygging har selt over 100 hus på 5 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 11

I den faste spalta «Marknaden i Os» fortalte eigedomsmeklar Espen Hjertholm i helga om ein bruktmarknad som skaut fart i januar.

Det siste året har det vore rolegare innan sal av nybygde bustadar.

– Ned 22 prosent i 2017, fortel E24.

– Eg forstår at styresmaktene har hatt ønske om å redusera prisveksten i nokre område. Eldre med formue har sett pengane sine i leiligheiter i Oslo, og drive opp prisane. Men rikspolitikarane, bankane og media har i unødvendig stor grad vore med på å kjøla ned marknaden i heile landet, seier Terje Reistad, administrerande direktør i Bøe og Lepsøy Utbygging.

BLU har sidan 2012 bygd og selt over 100 bustadar i det nye bustadområdet i Hjellemarka. I fjor opplevde dei ein markant nedgang.

– Noko av det har òg med strenge krav til eigenkapital å gjera. For vår del har det òg handla om kva vi hadde for sal i fjor. Det fine prosjektet nede ved vatnet blei redusert frå 12 til 8 bustadar for at vi skulle få plass til nok parkering. Interessa var ikkje stor nok, og vi har tatt prosjektet av marknaden.

– Men det kjem i marknaden igjen i mars, retta mot marknaden på ein annan måte enn tidlegare. Det gler vi oss til.

Ikkje alle opplever den same nedgangen.

Markhus Bolig, som no har selt 123 bustadar i same område, held fram med både bygging og sal i same tempo som før.

Kvar påske - ny terrasse

I slutten av 2015 var det byggestart på det første av tre terrassehus, kvart på seks etasjar. I alt kjem det tre bygg med til saman rundt 100 terrasseleilegheiter.

• Les òg: I takt med terrenget

– Vi har halde veldig stabilt tempo, seier Bjørn Rune Markhus, og viser til denne historikken:

Påske 2015, salsstart på T1 (terrassebygg 1 med 29 leiligheiter).
Påske 2016, salsstart på T2
Påske 2017, innflytting i T1, salsstart T3
Påske 2018, innflytting i T2
Påske 2019, innflytting i T3

– I siste terrassebygg er arbeidet godt i gang. Her har vi selt rundt 60 prosent av leilegheitene, og held same framdrift som før, seier Markhus.

Kveldssol og utsikt

Meklar Monica Helene Hansen selte to leilegheiter i førre veke og til saman sju sidan jul.

– Dette er seks etasjar med det som er dei første terrassebygga i Os. Kvifor har det slått an?

– Vi har fått gode tilbakemeldingar både på arkitektur og planløysing, i tillegg vil eg tru at både utsikt, kveldssol og stor terrasse er noko som drar opp.

Rettar seg mot nyetablerte

Samtidig er Hjelleåsen Panorama, med 10 bustadar, ferdig bygd og overtatt. Her har det vore innflytting i 6 bustadar, mens 4 ferdige står ledige og klare for innflytting.

Rett før jul blei prosjektet Hjellelia lagt ut. Her er 24 leiligheiter, vegg i vegg med den nye barnehagen, spesielt eigna for førstegongskjøparar.

– Fem av desse er selt. Vi har hatt kjøparar fordelt omtrent 50/50 frå Os og Bergen til no, men førebels er det berre folk frå Os som har kjøpt i Hjellelia, fortel Hansen.

Av 123 selte bustadar til no er 75 levert og 4 bygd ferdig, men ikkje selt.

Møter same person i alle ledd

– For Byggmester Markhus har Hjellemarka vore omtrent 10 prosent av omsetnaden frå år til år. For Markhus Bolig har dette vore ein lærerik og god start, som første område der vi har alt frå planlegging og sal til oppfølging og eventuell reklamasjon. Vi har fått ein eigedomsutviklar som fungerer, og dette med at vi har alt frå A til Å, at dei møter dei same folka i alle ledd av prosessen, ser ut til å ha vore ein fordel, seier Markhus.

– Nokre av dei mest nøgde kundane våre er dei som har hatt noko vi måtte retta opp, og som har blitt glade, og kanskje litt overraska, over måten vi har ordna det på. Feil kan skje, det gjeld å sjå på ein reklamasjon som ein sjanse til å gjera nokon nøgd, meiner Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.