Næringsliv | 03. nov. 2012

Sel to tonn i månaden

Elektronikk, hobbyvarer og jernvare - meiner du Europris er ein "snopebutikk"? Då har du nok meir bokstavleg talt rett enn du trudde.

Sel to tonn i månaden
Franchisetakar May-Britt Nymark Skåla og butikksjef Styrk Øye Tveit med den viktigaste hylla hos Europris, snopehylla. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 03. nov. 2012 08:58

– I starten var vareutvalet litt meir tilfeldig, hovudfokus var pris, blant anna med stort 10-kronersmarknad.

– Det var ein suksess, men handelen var nok langt meir tilfeldig då enn no. Folk kom inn utan handlelapp og kjøpte tilfeldige ting dei kom over fordi det var ekstremt billig, seier franchisetakar av Europris Os, May-Britt Nymark Skåla.

Europris-kjeden tel 200 butikkar i Noreg og 4 på Island. Kjeden fyller 20 år i 2012.

May-Britt har jobba på Europris Os sidan starten i 1998 og overtok butikken 1. januar 2009.

Større grunnsortiment - større daglegvarehandel

Dei største endringane på desse 14 åra i Os har ifølgje Skåla vore grunnsortimentet og handlemønsteret.

– Utvalet av varekategoriar er stort, frå jernvare, hobby, leikar, fritid og reise til interiør, tekstil, sko, hygiene og mat og snop.

– Det som aukar mest er forbruksvarer, hygieneartiklar, mat og dyrefôr, det er meir strukturert handel no, faste kundar som kjøper faste varegrupper hos oss.

Auka konkurranse

Europris var i starten nærmast åleine med ekstrem lavpris på fleire varekategoriar, no har fleire slått følgje. Liknande kjedar har dukka opp, i tillegg har butikkar som har nokre av dei tilsvarande varekategoriane pressa eigne prisar ned.

– Europris har nok vore ein pioneer med dette med ekstrem lågpris, ein prispressar i fleire bransjar, seier butikksjef på Os, Styrk Øye Tveit.

– Omsetnaden har auka mykje frå år til år, men under ombygginga på senteret var den meir stabil, og no er det ein del varer vi merka auka konkurranse på.

Størst på snop

Medan andre har følgt etter på prispressing har Europris i enkelte kategoriar gått litt i retning kjente merkevarer.

– Innan ein del varegrupper er folk opptatt av merke, så den siste tida har stadig fleire kjente varer kome som supplement til Europris sine eigne merke.

Største og mest aukande varegruppe er snop, spesielt i lausvekt.

– Vi sel nesten 500 kilo lausvektsnop i veka, det er heilt ekstremt. No var det ein del ekstra til halloween, men då mest av innpakka snop, og i romjula og fram mot nyttår og nyttårsbukkar er det heilt ekstremt. Då handlar folk med spade og vi går tom kvart år, uansett kor mykje vi kjøper inn, seier Styrk ti veker før kjeden kjem med årets julekatalog.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.