Lokal | 28. apr. 2016

Seld for 16 millionar

Den unike eigedommen på Tjoholmen utanfor Nordstrøno er seld. – Det er ein fantastisk stad. Heilt unik, seier kjøparen.

Tjoholmen, eller Munch-holmen er seld for 16 millionar kroner (foto: Herland Eiendom)
Andris Hamretorsdag 28. apr. 2016 12:29

Sommaren 2013 blei Tioholmen i Korsfjorden, rett utanfor Nordstrøno og Strønebrua lagt ut for sal til 25 millionar.

– Øya ligg idyllisk til med sol frå morgon til seine kvelden, med skjerma sandstrand, stort kai- og bryggeanlegg og flott utsikt over Korsfjorden.

– Eigedomsmassen held svært høg kvalitet og smakfullt innreia, sa dåverande meklar Stein Herland i Eiendomsmegler Vest-eigde Herland Eiendom til Midtsiden då eigedommen blei lagt ut for sal.

Som på Sørlandet

No, nesten tre år seinare, er eigedommen seld til ein langt lågare pris. 16 millionar har vossing og investor Sigmund Bjørke betalt for den seks mål store øya.

– Eg har sett på eigedomen i fleire år, og køyrt forbi i båt fleire gonger. Det må vera den finaste eigedomen på heile Vestlandet. Ein må til Sørlandet for å finna tilsvarande, og det er litt for langt, tykkjer eg, seier Bjørke til BT.no

Til avisa fortel investoren at han vil gå i dialog med kommunen om å få skilja ut og selja den delen av eigedommen kor det i dag står ei gjestehytte.

To for rundt 16 millionar

Tjoholmen blir også kalla Munch-holmen, etter Munch-familien, som første etablerte seg med fritidseigedom på holmen.

Salet er det andre på under eitt år kor ein fritidseigedom i Os har blitt seld for 16 millionar. Ein bergensar kjøpte hytta til Erik Neverdal på Sørstrøno for over 16 millioner i fjor sommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.