Kultur | 02. apr. 2019

Selde to billettar i minuttet - har aldri opplevd liknande

Det er 262 dagar til Aurora kjem til Oseana - billettsalet fekk ein flygande start i dag.

Selde to billettar i minuttet - har aldri opplevd liknande
I dag starta billettsalet til Aurora sin konsert i Oseana i desember - det vart ein flygande start på salet. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 02. apr. 2019 19:02

I helga vart det klart at Aurora legg turneavslutninga si til Os og Oseana.

Arrangementssjef ved Oseana, Berit Steen, såg på det som stor stas at managmentet til Aurora sjølv ville ha Oseana som éin av spelestadane på haustturneen hennar.

2 i minuttet - 27 i timen og 175 i dag

Då billettsalet opna klokka 9 i dag tidleg, sat tydeleg mange klare for å skaffa seg det som truleg vert årets mest ettertrakta billettar i den lokale kulturkalenderen.

– Dei første 15 minutta gjekk det to billettar i minuttet, og før klokka var 10 hadde 70 publikummarar allereie sikra seg plass på konserten - ein konsert det framleis er 262 dagar til. Dette fortel ei godt ekstatisk marknads- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica S. Halhjem.

– Fram til klokka 14 selde vi 27 billettar i timen, og no klokka 21 i kveld ligg dagstotalen på 175 selde billettar.

– Vi her på Oseana har aldri opplevd ein slik pågang før, og det så ekstra kjekt med ein slik respons når det er Aurora som kjem heim for å spela konsert - osingane er utan tvil klare for å sjå ho på heimebane.

Halhjem legg til at publikums-kapasiteten på nettopp denne konserten ligg i overkant av 1000 billettar.

– Om dagens sal legg trenden, vil det ikkje gå lang tid før Aurora-konserten er utseld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.