Selt for 240.000 over prisantyding
Før helga blei det selt 10 brukte bustadar i Os på 3 dagar - minst to av dei etter bodrunde.
– Marknaden i Os skyt fart, skreiv spaltist Espen Hjertholm i sitt tilbakeblikk på januar månad, som vi publiserte laurdag.
Ser vi vekk frå nybygg, som òg sel godt enkelte stadar, blei det selt 31 bustadar i Os i januar. 10 av dei var selte dei siste 3 dagane av månaden.
– Januar starta roleg, men tok seg opp på slutten. Vi har òg opplevd bodrunde, seier Åge Gulbrandsøy i BO Eiendomsmegling.
Ein eldre einebustad i Tøsdalsvegen blei 21. januar annonsert med prisantyding 2.960.000.
28. januar var det vising, 29. januar blei huset selt for 3.200.000 kroner etter bodrunde med fire bodgjevarar.
Selt før første vising - 250.000 over prisantyding
Også februar har starta bra. Før helga selte Privatmegleren ein einebustad før første vising, to dagar etter at huset blei annonsert.
To bodgjevarar løfta prisen frå 3.750.000 til 4 millionar kroner.
– Etter ein roleg haust var det òg ein roleg start på januar. Men i midten av månaden merka vi på fleire måtar at aktiviteten tok seg opp.Trafikken på nett auka kraftig, det same gjorde mengda telefonar inn til kontoret og interessentar som meldte seg på det som låg ute, seier dagleg leiar hos Privatmegleren Vikøyr & Brandt, Arild Vikøyr.
I januar låg det 67 bustadar for sal i Os. 10 av desse blei selt.
– Vi må tilbake til før sommaren i fjor for å finna tilsvarande aktivitetsnivå.
Ny interesse for gamle annonsar
Av i alt 31 selte bustadar i januar var 12 av dei nyleg lagt ut, med omsetnadshastigheit på 10 dagar i snitt.
– Men også hus som har lagt ei stund har det no kome interesse for, fortel Vikøyr.
11 av dei 31 blei lagt ut for sal før 2018. Nokre av dei har lagt svært lenge, så snittet på omsetnadshastigheita av desse som har lagt ei stund er på heile 213 dagar.
Rundt prisantyding
Bustadane som er selte utan bodrunde blir stort sett selte til ein sum rundt prisantyding.
– Vi selte nyleg ein tomannsbustad på Halhjem som har vore annonsert tidlegare, også av annan meklar. Bustaden gjekk til under prisantyding, men ikkje så langt under, fortel Gulbrandsøy.
Prisen var sett til 2.990.000, kjøpssummen blei 2.850.000 kroner.
Vikøyr fortel om eit liknande sal, ein bustad som låg til 3,1 og blei selt for 3.075.000.
– Seljar kjøpt på prospekt i fjor, for 2.850.000, men fekk jobb i utlandet og måtte flytta. Han fekk likevel ein liten gevinst på 225.000 kroner på under eit år.
Ny E39 gir framleis effekt
Vikøyr har inntrykk av at byggestart på ny veg mellom Os og Bergen gav litt effekt i starten, men kan koma til å gi stadig større effekt på eigedomsmarknaden i Os.
– Det har nok hatt litt å seia for enkelte, men vi merkar eigentleg meir til bergensarane no enn for to år sidan.
1/3 av dei seks siste bustadane Vikøyr & Brandt har selt er til folk frå Bergen.