Selt på første vising – til rekordpris!

Torsdag kveld var det vising – fredag morgon blei det spektakulære Moment-huset på Halhjem selt.

Moment-huset, med den spektakulære søyla, skil seg ut. Huset blei selt til ein person frå Bergen fredag formiddag. (Foto: Ole Hansen/Diakrit)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. apr. 2016 15:01

Bildeserie:

Meklar Daniel Røksund. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bustaden har panoramautsikt frå Bjørnafjorden til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Team Aarvik med kjedeleiing og arkitektar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Huset er 228 kvm stort og har to stover og tre soverom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Meklar Daniel Røksund. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bustaden har panoramautsikt frå Bjørnafjorden til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4
Bustaden har panoramautsikt frå Bjørnafjorden til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Team Aarvik med kjedeleiing og arkitektar.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Huset er 228 kvm stort og har to stover og tre soverom.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Meklar Daniel Røksund. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I førre veke var det spesielle søylehuset, Noregs første av typen Moment frå Norgeshus, ferdig bygd.

Sjå bildeserie frå «avdukinga» av huset.

Torsdag ettermiddag var første vising.

– Det var sju personar på visning og stemninga var veldig god. Alle likte det og fem av dei sette seg på interesseliste, fortel eigedomameklar Daniel Røksund frå Eiendomsmegler Vest.

Den første telefonen han fekk fredag morgon redda dagen.

– Kjøpar, ein person frå Bergen, kom med bod som var lik prisantydning, 7,5 millionar kroner.

Det kom ingen høgare bod, men både meklar og seljar, husbyggar Byggmester Kjell Aarvik AS, er strålande nøgd.

Aarvik fekk gladmeldinga på veg til Norgeshus-konferanse

Timinga for salet var heller ikkje så verst for prosjektleiar Bjarte Aarvik.

– Eg sat i bil på veg til konferansen, som starta klokka 11 i dag, fortel Bjarte på telefon frå Stavanger.

Moment-huset, som er teikna av arkitektane John Birger Grytdal og Elisabeth Lilleby, fekk mykje merksemd då det pryda framsida på katalogen for tre år sidan og kjeda har gledd seg stort over nokon endeleg ville bygga huset.

Kjededirektør Dag Runar Båtvik fortalte om salet frå scenen, framfor 250 tilreisande forhandlarar.

– Det er kjekt med merksemd, men vi var veldig spente på korleis huset ville slå an i marknaden. Det er jo eit spesielt bygg og du veit aldri om det faktisk vil koma kjøparar, seier Aarvik.

Ny prisrekord

Midtsiden har ikkje fått sjekka med sikre kjelder om dette er den dyraste einebustaden som er selt i Os, men mykje tyder på det.

I januar 2014 blei det selt ein bustad i St Hanshaugvegen for nesten 6,7 millionar kroner, som den gong var ny rekord.

I mai 2015 blei to bustadar selt for 7,2 millionar kroner. Desse rekordsala var i Øyane og i Lysefjorden.

– I tillegg til den gode prisen synest eg det er veldig kjekt å sjå at det er marknad for noko anna enn «mjølk og brød» også i Os. Det siste året, etter at bygginga av E39 Svegatjørn-Rådal starta, har eg dessutan merka ei aukande mengde bergensarar på vising i Os, fortel Røksund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.