Lokal | 12. juli 2016

Selte for 10 mill på Tysnesfest

Ståle Daae Børnes er med på éi «båtmesse» i året. I år fekk han inn kundar frå Oslo til handel og konsert.

Selte for 10 mill på Tysnesfest
Ståle Daae Børnes (midten) hadde med seg fetteren Snorre Nilsen og tremenningen Sten Gravdal på flytande stand på Tysnesfest. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. juli 2016 06:55

Bergen Marinesenter AS plar ikkje stilla ut på dei store, kjente båtmessene i Noreg , men på Tysnesfest har selskapet til Ståle frå Os vore representert i 9 av dei 10 åra festivalen har eksistert.

– Eg kjenner brørne Sigvard og Patrick Madsen, to av gutane bak festivalen, og då dei hadde ein ringerunde etter utstillarar andre året til festivalen så tenkte eg at eg alltids kunne vera med.

Den gong jobba han for eit anna båtfirma, no står han med sitt eige. Daae Børnes har han blitt ståande, nokre år utan å selja før etter festivalen var over, andre år med fleire kontraktar i boks i løpet av festivalveka.

– Å møta båtfolk i sitt rette element har vore gjevande, kanskje meir naturleg enn å stå i dress i ein messehall.

Les òg: Ny publikumsrekord - utselt for første gong

Det var 460 båtar i gjestehamna under festivalen.

– Det har ikkje hatt så mykje å seia om det blir sal der og då, det å møta potensielle kundar som anten vil kjøpa eller selja om nokre månadar eller år har uansett hatt sin verdi.

Les òg: Sel bruktbåtar for 100 mill i året

Selte seks båtar

I år selte han seks båtar, noko som tilsvarar ein omsetnad på over 10 millionar kroner.

– Eg måtte fylla på med båtar etterkvart, i alt hadde vi 12 båtar med oss.

I tillegg kjem båten som Terje Søviknes kjøpte same dagen som han fridde til kjærasten Anne Fenstad.

– Han kjøpte faktisk båten av ein annan kar som heiter Ståle, som er kunde av meg og som kjøpte ny båt av meg på Tysnesfest. Det var delvis ei misforståing at det var meg han kjøpte av, men det kan henda at eg skal ta litt papirarbeid på båten, og det var eg som selte han til han andre Ståle, så det er kanskje ikkje heilt feil slik det kom fram i Midtsiden, seier Daae Børnes og ler.

Kunde frå Oslo flytta inn i båten og gjekk på fest

Mens han er stasjonert på Tysnesfest frå morgon til kveld får Ståle òg telefonar frå andre stadar i landet til sitt maritime kontor på Våge.

– Den eine som ringte var eit par frå Oslo som var i Bergen og såg på båt. Dei såg på nett at eg hadde ein lik båt som den dei skulle til å kjøpa i Bergen, men kom ut til Tysnes for å samanlikna.

Det enda med at dei kjøpte hos Ståle, flytta inn i båten og blei med på konsert.

– Eg hadde eit par ekstra festivalpass, så dei fekk seg litt av ei helg. No har dei køyrd heim med bilen for å fly tilbake og henta båten.

Stakk rett til Kragerø for å kjøpa båt

Søndag etter Tysnesfest pakka han og kameraten saman sakene, måndag morgon vakna dei ni ungane dei hadde med seg i Kristiansand.

– Vi brukte natta og køyrde på skift, det var fint å reisa frå det våte Vestlandet og eta frukost i solrike Kristiansand.

– Eg skal ned og henta ein ny båt i Kragerø, ein Princess V53 som eg tar inn sjølv, men legg ut for sal når eg har testa han og fått han klargjort.

– Det kan ta litt tid å bli godt kjent med ein bruktbåt, no får eg testa han skikkeleg så eg veit kva eg sel når eg kjem heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.