Kultur | 01. aug. 2018

Selte 100 eksemplar av 12 år gamal bok

Lars Skorpen møtte amerikanarar på rosemålekurs på Lyngheim. Ein av dei vil selja bøkene hans i USA.

Selte 100 eksemplar av 12 år gamal bok
Tidlegare i sommar selte han 100 bøker til USA. I går gav han vekk éi bok. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. aug. 2018 08:10

Den pensjonerte læraren Lars Skorpen har skrive fleire hefte og bøker, seinast om «bygdehovdingen» Nils Tveit i 2016.

• Les òg: Soga om han som skreiv soga

I 2006 var han forfattar av boka «Rosemålarane», som rosemålar Torunn Rød Farsund gav ut. Då ein delegasjon frå USA i sommar var på rosemålekurs på Det historiske tunet på Lyngheim stilte forfattaren opp for å sjå på, og for å signera bøker.

– Eg blei forundra over kor flinke dei er å mala, dette er tydelegvis ein stor lidenskap for fleire med norske røter, seier Lars.

• Os Style på nytt muesum i Seattle: Stadig fleire Os-roser i USA

Bestilte 100 bøker

Ein av deltakarane, Diane Edwards, driv ein kunstbutikk i Fort Collins i Colorado.

– Ho spurde om ho kunne få bestilla 100 bøker som ho kunne selja i butikken sin.

Ut frå heimesida hennar (ekstern lenkje) går det fram at ho held kurs i rosemåling og sel fleire bøker om emnet.

Nytt opplag

Skorpen si bok frå 2006 selte godt, og forfattaren hadde berre ein handfull bøker igjen i 2017.

Nesten alle dei 500 bøkene frå førsteopplaget var selt, men eit initiativ frå ein over snittet historieinteressert lesar fekk forfattaren til å bestilla 300 eksemplar i nytt opplag.

– Også nokre av desse er selte, men eg hadde heldigvis igjen nok bøker til å senda til USA.

– Korleis eg skulle gjennomføra det, var eg uskker på. Men eg fekk god hjelp av Knut Arne Olsen på Fagbokforlaget. Dei har trykt alle bøkene mine, og Knut Arne har alltid vore veldig hjelpsam.

Skorpen følgde det han skildrar som ei litt spennande sporing av sendinga, og etter ei dryg veke var bøkene på plass i Fort Collins.

– Eg synest det er litt kjekt når det framleis er interesse for bøker eg har gjeve ut for ei tid tilbake, både i utlandet og heime på Vestlandet. Vi var nyleg rundt tretti 69-åringar samla, for å feira at det er ei stund sidan vi var russ. Ein av dei kom bort til meg og sa at kona, som driv med rosemaling, alltid hadde boka mi liggande på pulten sin og ofte bladde i ho mens ho malte.

Lokal gåve og nytt bokprosjekt

Då sjuande generasjon rosemålar Torunn Rød Farsund kommenterte Os Style-rosene i Seattle kom ho samtidig med eit lite hjartesukk; den kjende rosemålinga frå Os er nesten usynlig for turistar som besøkjer Osbygda.

– Den einaste staden med faste opningstider som viser rosemåling er restauranten Havnechefen.

Torunn har rosemålt ein vegg i restauranten, som held til i Os kommune sitt nye bygg, «Osroso». I går kom Skorpen med ei gåve til restauranten, eit eksemplar av boka som dei kan ha liggande om nokre av gjestene vil bla i ho.

– Er det nye bokprosjekt på gang?

– Nye og nye, eg har tatt opp igjen arbeidet eg la frå meg då eg kasta meg over boka om Nils Tveit, etter initiativ frå Os Senioruniversitet.

Lars Skorpen vil førebels ikkje røpa så mykje meir enn at det er ei bok om rundt 70 år av Osbygda si historie, frå 1930 til år 2000, og at boka truleg er ferdig i løpet av hausten 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.