midtsiden

Selte 1000 truser

Dobla arealet og rekorden: Ski, Bergans og sykkel var bestseljarane, man jaggu gjekk det unna mykje anna på MX-opninga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag morgon sto fleire hundre i kø for å få med seg opningsfesten til MX Sport Os. Nesten dobla areal, frå 500 til 900 kvadratmeter, og mange ville tilbod lokka kundar i hopetal, også med buss frå Bergen.

SJÅ BILDESERIE OG VIDEO

- Fleire av tilboda var også aktuelle i dei tre andre butikkane vi eig, MX Sport Laguneparken, MX Sport Åsane og MX Sport Bergen sentrum. Desse hadde også godt sal i går, fortel marknadssjef i MX Sport Bergen Holding AS, osingen Jan Frode Skeie.

God omsetnad
Den førre omsetnadsrekorden til MX Sport på Os var på 500.000 kroner. Skeie vil ikkje ut med eksakt sum, men seier denne blei slått med svært god margin.

- Vi var veldig nøgd då vi såg den lange køen utanfor om morgonen, men at det skulle blir ein så god opningsfest hadde vi ikkje trudd.

Amma i køen
20 MX-tilsette og 10 leverandørar sto på heile dagen, likevel måtte dei sleppa inn i puljer fram til klokka 13.30. I kassen var det også kø.

- Skogstad delte ut sjokolade til dei som sto i køen. Vi måtte også finna stol til ei som måtte gje litt melk medan ho venta på å få betala. Kundane var veldig tålmodige og kom med mange fine tilbakemeldingar på butikken.

Bestseljarane
Midtsiden.no fekk med seg første halvtime av opningsfesten torsdag. Mange av dei første 100 kundane gjekk rett til ski- eller sykkelavdelinga, men det var også ein del som såg ut som om dei hadde vore ute og henta klesvasken på snora. Fanget var fullt.

- Ski, klede frå Bergans og sykkel var det vi selte mest av, men også den nye Skogstad-avdelinga var populær. Dei selte ut alle varene som var på tilbod.

- Men opningsfesten held fram ut laurdag, og det er framleis ein del snadder igjen. Blant anna nokre få Bjørn Borg-truser, noko dei fleste osingane sikkert får til farsdagspresang sundag, ler Jan Frode.

«Fortell», sa XXL
Sidan også dei tre andre MX-butikkane var delvis med på festen hadde dei også travle dagar. Utanfor butikken i Laguneparken var det kø før opning.

- Vi hadde 200 som venta på å få koma inn i går. Også i dag var det kø før opning, seier butikksjef Sondre Versto.

MX Sport Laguneparken ligg vegg i vegg med XXL. Med inngang ved sidan av kvarandre i Bergens største sportsbygning, men kø to dagar på rad utanfor den eine, kom spørsmåla.

- Eg veit ikkje om svaret sa dei så mykje, at ein opningsfest på Os skal bety så mykje i Fana var sikkert vanskeleg å forstå, seier sørstrøningen Sondre.

Fleire saker