Selte for 40.000
Vamp, cruise og pass: Osøren Blues & Jazzfestival fekk i dag ein veldig god start på billettsalet.


Laurdag stilte Osøren Blues & Jazzfestival opp på Telthusplassen i Os sentrum for å starta billettsalet.
Samstundes var Oseana representert for å markera 50 dagar igjen til opninga og for å vera med på å promotera både opninga, Havfest og Vamp-konserten, som dei arrangerer saman med Osøren sankthansaftan, dagen før sjølve festivalopninga.
– Eg har kontoret mitt på hjørnet over Madam Ane, berre 50 meter herfrå, likevel må eg innrømma at eg ikkje visste om denne flotte plassen, sa Oseana-direktør Kim Kristoffersen.
Han synes det var stas å vera ute blant osingane og musikantane som spelte minikonsert i sentrum i dag.
Vamp nærmar seg 600 selte
Billettsalet til Vamp-konserten i Oseana 23. juni blei lagt ut for sal torsdag 14. april. Dei tre første dagane blei det selt 180 billettar.
– Det gode salet har heldt fram, no nærmar vi oss 600 selte, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl.
Pass passa mange
I dag starta salet på resten av billettane, klokka 11 for medlemmar, klokka 12 for alle.
– Vi har selt for rundt 40.000 kroner i dag. 18-cruiset laurdag har vi berre 10-12 billettar igjen til, 15-cruiset nærmar seg også utselt.
Cruisa med MS Midthordland, med blues- og jazz om bord, har alltid vore populære, men med rekordtidleg start på billettsalet ligg arrangørane ekstra godt an, også når det gjeld konsertane på land.
– Nytt i år er at vi sel pass, pass til heile festivalen og pass til enkeltdagar. Desse passa ser ut til å passa mange, vi er veldig nøgd med salet i dag, seier Nagell Dahl.
Samleside:
Alle saker om Osøren Blues & Jazzfestival