Næringsliv | 07. aug. 2016

Selte 80 mål til Backer Bolig

Eivind Sjøbø eig 300 mål nær Lyseparken. Med komande ny fylkesveg har området fått høg verdi.

Selte 80 mål til Backer Bolig
Det markerte området har Eivind Sjøbø seld til Backer Bolig (Ill. kart frå Os kommune.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. aug. 2016 12:43

I juli blei gnr 12, bnr 13 selt for 9,6 millionar kroner frå Eivind Sjøbø til Backer Bolig AS. Eigedomen ligg langs den komande fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret, litt aust for idrettsplassen og barnehagen på Edne i Lysefjorden.

– Eg har vore tømrar i mange år, men ønskjer verken å driva med regulering eller å utvikla dette området sjølv, seier Eivind Sjøbø.

No har han selt 80 av dei 300 måla han eig, med avtale på «nokre mål til». Rundt 180 av dei 300 måla er byggeland.

– Eg tok ut skogen for nokre år sidan og har ikkje planta ny. Planen var å finna andre interesserte, og så møtte eg tilfeldigvis Per Terje Bolstad på venterommet hos tannlegen.

Dei to er begge frå Os og kjenner kvarandre frå før. Bolstad er prosjektleiar hos Backer Bolig AS, som allereie hadde byrja å retta augene sørover.

– Solrikt og sentralt

Backer Bolig har ulike prosjekt på Askøy og i Bergen, men fattar interesse for områda langs den komande nye vegen mellom Bergen og Os.

Langs det 1,1 km lange strekket der E39 ikkje er i tunell, i Endelausmarka, kjem Lyseparken. Fylkesvegen går frå E39 til Åsen, der det kjem fleire nye nærings- og bustadområde.

– Eitt møte blei til fleire, og så var vi på synfaring. Terrenget er flott, med variert topografi, området er solrikt og får svært sentral plassering når ny E39 mellom Os og Bergen er ferdig, seier Bolstad.

Sjøbø er nøgd med prosessen.

– Vi har hatt veldig open og god dialog heile vegen. Med unntak av at det blei ein del venting på vegvesenet så har det i grunnen gått fort.

Viktig grep av ordføraren

Mens fylkesvegen frå E39 til Lyseklostervegen ligg inne i bompengesøknaden og sjølve E39-prosjektet, er området Backer Bolig har kjøpt avhengig av det vidare stykket av fylkesvegen, frå Åsen til Helleskaret.

– Ny fylkesveg er avgjerande for å bygga ut eit flott og attraktivt nytt bustadområde i Lysefjorden. Vi hadde frå vi gjekk i dialog med Sjøbø tru på at fylkesvegen skulle koma. Arbeidet med ein områdereguleringsplan saman med fleire aktørar i området ville ha kartlagt korleis vegstrukturen ville bli, og korleis ein ville ha kopla seg på offentleg infrastruktur.

– Os kommune ved ordførar Terje Søviknes sitt prisverdige engasjement og initiativ til spleiselag - og forskottering - gav forutsigbarhet. Vår opplevelse av Os kommune - både administrasjon og politikarar - har vore svært positiv.

Les: No blir det veg i Lysefjorden

Kan koma for sal om tre år

– Kva er neste steg og kor tid kan det tidlegast bli omsetnad og bygging i området?

– Vi jobbar no saman med fleire andre aktørar med ein områdereguleringsplan og ventar dessutan spent på rullering av kommuneplanens arealdel for å kunna ta inn eit større areal til bustad.

– Vi har eit langsiktig perspektiv på utvikling av eigedomen og håper vi kan få salsstart i 2019/2020 med påfølgjande byggestart.

– Delar av området bør vera klart til å bli tatt i bruk som bustadområde når snora på ny E39 skal klippast, meiner Per Terje Bolstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.