Lokal | 31. des. 2019

Selte fyrverkeri utan løyve

Brannvesenet fann nokre få ting å reagera på då dei var på inspeksjon.

Selte fyrverkeri utan løyve
Ikkje alle hadde merkt utsalsstaden med forbod mot open eld, og fekk pålegg om utbetring. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. des. 2019 15:08

I 2017 blei mengda utsalsplassar for fyrverkeri nærmast dobla frå 5-7 til 11 utsal.

– Det var rundt ti stadar å inspisera i år òg, fortel varabrannsjef Erik Walden.

Fleire av desse hadde alt i orden, nokre få fekk merknadar.

Det var ikkje alvorlege brot på regelverket, men for eksempel manglande merking av forbod mot open eld, og for liten tryggleiksavstand rundt utsalsstaden.

Måtte stenga for denne gong

– Éin av utsalsstadane måtte stoppa salet, men det var grunna ei misforståing.

– Vedkomande har erfaring frå Bergen, der det blir gjeve løyve for tre år om gangen. I Os har vi eitt år om gangen, men vi skal over på tre år i Bjørnafjorden kommune neste år.

Kvelden og morgondagen

Privatpersonar har lov å skyta opp fyrverkeri frå klokka 18.00 til 02.00 nyttårsaftan.

Bjørnafjorden kommune har bestilt fellesfyrverkeri frå Propyro til 1. januar, og køyrer med dette vidare på tradisjonen Os har hatt, med eit meir barnevenleg tidspunkt for markering på inngangen av nytt år.

Dette blir skyte opp klokka 18.00 onsdag kveld frå ein flåte litt sør for Sandholmane i Fusafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.