Kapasiteten var heldigvis auka med leige av veteranbåten MS Midthordland. (Foto: Jonn Garvik)
Kapasiteten var heldigvis auka med leige av veteranbåten MS Midthordland. (Foto: Jonn Garvik)

Selde nesten halve utstillinga på opninga

Oddvar Torsheim fylte kai og veteranbåt utanfor Vedholmen Galleri.

Kjetil Vasby Bruarøy
24. juni 2020 - 10:51

Vedholmen Galleri markerer 20-årsdagen sin i år, og laurdag var det vernissasje for sommarutstilling med sjølvaste Oddvar Torsheim.

Den 81 år gamle, morosame, multikunstnaren fekk uvanleg mange til å ta turen til opning av «Ymsedamer» i galleriet i Hargun-naustet på Sundøy.

– Det var meldt dårleg vêr, og vi visste ikkje om det ville koma 50 eller 100 gjestar. Vi blei gledeleg overraska då det kom heile 200 gjestar, seier gallerist og kunstnar Vibeke Harild.

– Vi tenkte at bergenspublikummet kanskje hadde sett han i sentrum nyleg, men han har visst ikkje hatt utstilling i Bergen på 5 år. Publikum var svoltne, og det forstår eg godt. Torsheim er ein populær mann, genuint interessert i menneske, og han var verkeleg i storform!

– Kunsten hans held dessutan høgt, internasjonalt nivå, legg Harild til.

Vibeke Harild og Oddvar Torsheim. (Privat foto)
Vibeke Harild og Oddvar Torsheim. (Privat foto)

Utvida kapasitet

Saman med ektemannen Peter Marron, og gode hjeelparar, hadde ho førebudd seg på storinnrykk.

– Rause sponsorar finansierte leige av MS Midthordland, som hadde kafé og god avlasting. I tillegg hadde vi ungdomar som parkeringsvaktar og smittevernvaktar.

Spritvask av hender og maks 14 inne i galleriet på same tid, var blant tiltaka.

Og vêret var fint, så heile kaien utanfor galleriet blei tatt i bruk.

Gode hjelparar - Linnea Espeland. (Foto: Mathilde Marron, i spegelbildet)
Gode hjelparar - Linnea Espeland. (Foto: Mathilde Harild Marron, i spegelbildet)

Selde 17 verk og 60 bøker

Det var ikkje berre frammøtet og stemninga som var god, det blei uvanleg god handel for galleriet.

– 32 verk heng på veggane, 10 ligg utan ramme i perm til utstilling. Av desse 42 blei heile 17 selt på opningsdagen.

Alle dei selde verka blir naturlegvis hengande saman med dei andre til 19. juli.

– I tillegg blei det selt 60 bøker. Torsheim fekk det svært travelt med å skriva autografar.

Dales Rederi var hovudsponsor for MS Midthordland-leiga. Astrid Dale sikra seg signert bok. (Privat foto)
Dales Rederi var hovudsponsor for MS Midthordland-leiga. Astrid Dale sikra seg signert bok. (Privat foto)

«Meg og Michael»

Oddvar Torsheim er fødd i november 1938. Han vaks opp i Sunnmøre og flytta til Førde som 8-åring. Han er utdanna ved Grafisk skole i Charlottenborg i Danmark og Bergen Kunst og Håndverkskole.

Torsheim arbeidde ei lita tid på Bahus møbelfabrikk på Os, men dette gjekk heller dårleg, dersom ein skal tru den delvis sjølvbiografiske songen hans «Slik var det det gjekk meg». Han har også sjølv fortalt at «stoldelane ikkje kom vidare i prosessen, men hopa seg opp ved føtene hans» ifølgje Wikipedia.

Walkietalkie og vin - hjelparane henta gåve. (Privat foto)
Walkietalkie og sprudlevin - hjelparane Carmen og Isak henta gåve. (Privat foto)

Torsheim har sjølv sagt at han i hovudsak er bildekunstnar, men at han bruker musikk som naudsynt avkopling. Musikkarriera starta då han spelte sin eigen versjon av Beatles sin «Ob-La-Di, Ob-La-Da», «Larris tok ein Farris» i eit musikkprogram i den dåverande Førde nærradio. Då hamna han på Fylkestoppen til NRK Sogn og Fjordane. Då Torsheim ville gje ut denne og fleire andre Beatles-melodiar med nynorsk tolking vart han nekta dette av Michael Jackson, som eigde rettane til store delar av Beatles sin musikk.

«Det vart nesten ein såpeopera, men eg fekk veldig god reklame på det. 'Meg og Michael'».

Våren 2008 var han av TV 2 invitert på audition i Norske Talenter, etter at han tidlegare hadde vore portrettert i programmet «Norges herligste» med Ylvis-brørne på TV Norge.

Støvande talarar

Harild og Marron har laga staselege vernissasjar før. Denne gong var det velkomsstale ved fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, Per Morten Ekerhovd.

– Han har verkeleg sett seg inn i ting, og heldt ein flott velkomsttale, synest Vibeke.

Rundt 200 gjestar resulterte i sal av 17 verk og 60 bøker. (Foto: Jonn Garvik)
Rundt 200 gjestar resulterte i sal av 17 verk og 60 bøker. (Foto: Jonn Garvik)

Tale for dagen var ved forfattar Einar Økland (80) frå Sveio. Økland fekl Aschehougprisen i 1988, var festspeldiktar ved De Litterære Festspill i Bergen i 1992, mottok Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006. I 2015 mottok han Brages hederspris. Samme år blei han heidra med Språkprisen.

– Økland og Torsheim har kjent kvarandre sidan 1960-talet, og har blant anna laga bok saman. Vi er veldig takksame for at Økland tok turen til Øyane og opninga vår, og for den fine talen.
 
Musikalsk innslag var òg del av opninga. Annika Beines frå Griegakademiet, på plakaten til årets utgåve avFestspillene, er ei vi nok kan koma til å høyra meir av i åra som kjem.

Les meir om

Kultur