Lokal | 20. jan. 2021

Selte seg tom for halvparten av varene

Butikkeigar overvelda etter første veke i drift.

Selte seg tom for halvparten av varene
Butikkeigar hos Malina, Steven Khalil, fortel om ei god første veke i Os sentrum. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 20. jan. 2021 12:43

I førre veke fekk Os sentrum eit nytt butikktilskot. I lokala som tidlegare husa Nordisk Rom finn du no daglegvarehandelen Malina.

Butikken står fram som eit fargerikt tilskot i sentrum, med blikkfangande dekor på vindauga, og frukt og grønnsaker på utstilling langsmed veggane på utsida.

Malina ligg i lokala kor Nordisk Rom tidlegare heldt til. (Foto: KOG)
Malina ligg i lokala kor Nordisk Rom tidlegare heldt til. (Foto: KOG)

Flygande start

Butikkeigar Steven Khalil, som sjølv er kurdar frå Syria, fortel om ei veldig bra første veke som butikkdrivar i Os sentrum.

– Dette har vore heilt overveldande, og salet har vore imponerande. Det har faktisk vore så god respons at vi rett og slett selte oss tom for nær halvparten av varene.

– No ventar eg inn fleire vareleveringar i dagane som kjem, men det er jo eit luksusproblem at vi sel så bra allereie frå starten av. Dette set vi stor pris på! Men eg vil jo helst styra ein butikk som til ei kvar tid har godt utval og mykje i hyllene, så no blir det godt å få påfyll.

Vareutvalet er stort i butikken. (Foto: KOG)
Vareutvalet er stort i butikken. (Foto: KOG)

Internasjonalt - men òg med gamle kjenningar i hyllene

I tillegg til å vera butikkeigar, er Khalil medeigar i eit grossistfirma. Han har budd i Noreg i seks år, og fortel at han planlegg å flytta til Os med tida.

Totalt har Khalil fem tilsette i butikken på Os, som har ope sju dagar i veka.

– Vi skal vera ein tilgjengeleg butikk med godt vareutval og gode opningstider. Hos oss skal du alltid finna det du treng, men samstundes kan du kanskje finna varer som er nye og spanande for deg.

– I tillegg har vi vald å setja inn varer med kjende namn som spesielt de nordmenn kjenner att. Denne kombinasjonen har trua på skal gjera oss til ein attraktiv butikk for fleire typar kundar.

Khalil fortel at vareutvalet kjem frå grossistar i 7-8 ulike land, og at han får påfyll av fersk frukt og grønsaker tre gongar i veka.

– Malina skal vera ein butikk for alle, anten du er norsk, frå Aust-Europa, frå Midt-Austen eller frå Asia. Vi vil oppmoda kundane å fortelja oss kva dei ønskjer å finna i butikkhyllene, sånn at vi endå betre kan tilpassa utvalet.

Har du prøvd chips med sjøgras-smak før? (Foto: KOG)
Har du prøvd chips med sjøgras-smak før? (Foto: KOG)

Planlegg noko større og endå betre

Med den noko overveldande starten bak seg, fortel Khalil at det allereie ligg fleire planar på bordet for framtida til Malina.

– Ja, eg jobbar med å søka om løyve til å selja alkohol, og eg har veldig lyst til å få til ei teneste som tilbyr heimkøyring av varer. Denne ideen fekk eg faktisk då eg i førre veke fekk ein telefon frå ein kunde som ikkje kom seg ned til butikken, men som veldig gjerne ville handla hos oss.

– Han fekk sjølvsagt handla, og køyrt varene heim til seg, men vi ønskjer å setja dette i system.

Khalil fortel i tillegg at det etterkvart vil koma på plass ferdigsmurte lunsjar, og han jobbar med ei nettside som vil ha informasjon om dei ulike varene butikken sel.

– Samtidig har vi fokus på å driva ein butikk med god service, fint utval og å halda lokalet reint, ryddig og innbydande, avsluttar Khalil.

Malina har blant anna stort utval av ulike nøtter. (Foto: KOG)
Malina har blant anna stort utval av ulike nøtter. (Foto: KOG)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.