Næringsliv | 02. mars 2019

Selte verkstaden til «læreguten»

Etter å ha mista jobben tre gongar, starta Ketil Halhjem for seg sjølv. Nesten 30 år seinare har han selt Os Lakk & Karosseri AS.

Selte verkstaden til «læreguten»
Karl Tore Bjaanes Gjerde (t.v.) har kjøpt Ketil Halhjem sitt firma, Os Lakk & Karosseri AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. mars 2019 10:27

Tidleg på 1990-talet starta Ketil Halhjem ein liten lakkverkstad i eit lokale på baksida av Vestbil. Eitt år etterpå la Vestbil ned, og Os Lakk blei utvida til Os Lakk & Karosseri, som nokre år seinare òg kjøpte eigedomen.

– Eg var lykkeleg som tilsett hos Thuen & Matre på 80-talet, men oppdragsmengda innan lakk svingte meir enn no, så eg blei permittert fleire gongar. Det var grenser for kor lenge du hadde lov å vera permittert før firma måtte seia deg opp, så eg mista faktisk jobben tre gongar, fortel Ketil og ler.

Då tidlegare arbeidsgjevar ringte for å tilsetja herr Halhjem for fjerde gong, var det for seint. Han hadde starta for seg sjølv.

Eksplosiv vekst i fjor

Halhjem dreiv eitt år åleine før han byrja å tilsetja folk. I mange år var dei fem tilsette ved lakk- og karosseriverkstaden, i fjor måtte dei opp i sju.

Omsetnaden auka frå 6,3 til 8,1 millionar kroner frå 2014 til 2017, i fjor vaks den endå fortare, med heile 30 prosent.

– Vi veit ikkje kvifor det vaks så mykje i fjor, men det har nok auka på fleire område. Ved sidan av å retta opp skade gjennomfører vi understellsbehandling. Vi har òg utstyr og kompetanse til oppretting av små og store skadar på bubil, og den marknaden har byrja å bli veldig stor, seier Karl Tore Bjaanes Gjerde.

Karl Tore har vore dagleg leiar dei siste åra, og har no kjøpt verkstaden.

– Då eg passerte 50 år talte eg opp arbeidstimane, og fann ut at eg allereie hadde timane som er normalt å ha fram til fylte 67 år. Då bestemte eg meg for å gi meg når eg er 60 år, seier Halhjem, som held fram som tilsett ved bedrifta i ganske nøyaktig fire år til.

Avhoppar frå gymnaset blei god arvtakar

Karl Tore Bjaanes Gjerde gjekk i andre klasse på Os Gymnas då han fann ut at han var på feil studiespor.

– Eg bestemte meg for å bli bilskadereperatør, og hoppa av. Då eg byrja på grunnkurs mekanisk hadde eg allmennfag frå før, og fekk derfor ein fridag i veka. Den var eg heldig som fekk bruka som hjelpearbeidar her hos Ketil Halhjem.

Det gjekk ikkje lang tid før unge Karl Tore blei invitert til å bli lærling. I 2007 tok han fagbrev som bilskadereparatør, i 2010 fekk han meisterbrev og i 2014 tok han også fagbrev i lakkering.

– Karl Tore har gjort ein god jobb både som fagmann og som leiar av verkstaden dei siste åra. Eg vil heller selja til ein eg veit vil driva vidare, enn å gå ut i marknaden og prøva å jaga opp prisen. Dette har ikkje skjedd over natta, det har lagt i korta ei god stund, og no var vi begge klare for å gjennomføra eigarskiftet, seier Halhjem, som held fram som huseigar med læreguten som leigetakar.

Betre marknad

– Det er ein overgang å stå som eigar, men eg har fått tid til å førebu meg, og eg har Ketil med meg nokre år som tilsett, så eg trur det skal gå bra. Vi er i vekst, vi har fleire produkt å selja på, og det er grunn til å tru at dette vil halda fram, seier Gjerde.

Han nemner vekst i bubilmarknaden, auka behov for understellsbehandling, grunna salting med saltvatn, og betre forsikringsvilkår, som årsaker.

– Vi ser start på rust på eitt år gamle bilar, korrosjon på aluminium, som folk gjerne trur er frie for slitasje sidan aluminium ikkje rustar, og vi ser at fleire har gunstige forsikringar, der dei kan ta karosserireparasjonar utan å tapa bonus, av og til også utan eigeandel, om dei har køyrd skadefritt nokre år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.