Lokal | 09. jan. 2015

Semesterstart om ernæring

Senioruniversitetet startar vårsemesteret med foredrag om posemat og spørsmålet om det er næring i dei.

Semesterstart om ernæring
Senioruniversitetet startar oppatt måndag 12. januar. Her frå seniortreff med lunsjkonsert i februar 2014 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. jan. 2015 12:53

Ein måndag i månaden inviterar senioruniversitet i Os til foredrag i Oseana. I tillegg kjem seniortreff med lunsjkonsert som Oseana er arrangør av tre måndager i vår.

No er vårens program for senioruniversitetet klart med eit mangfald i tema. Senioruniversitetet arrangerar møter med foredrag som gir fordjupning i aktuelle tema utan å gi formell kompetanse.

Ein kan anten kjøpa semesterkort som dekkjer alle foredraga eller enkeltbillett til kvart enkelt foredrag.

Posemat på dagsorden

Først ut er ernæringsfysiolog Åsta Ottersen Ellingsen, som førstkommande måndag held foredraget: «Påstandar og myter om posemat - er det næring i disse matvarene?»

– Vi startar det nye året med at ernæringsfysiologen skal gi oss kunnskap om eit anna kosthald enn tradisjonell norsk mat, heiter det i presentasjonen frå universitetet.

Åsta Otteren Ellingsen var den første ernæringsfysiolog frå Universitetet i Oslo, og den første med denne utdanninga som vart tilsett i norsk matvareindustri. Ho har vore fagsjef for ernæring i Rieber & Søn (no Orkla Foods).

I dag sit ho i fagrådet i Norsk Cøliakiforening og i programstyret for ernæringsundervisning ved Universitetet i Bergen. Ho vann den prestisjetunge prisen Matmonsen i 2014.

Vidare utover våren står disse foredraga på programmet:

Februar: Psykologspesialist PhD Eike Wehling: Kvifor hugsar nokre menneske betre enn andre? + årsmøte i Os senioruniversitet
Mars: Professor emeritus Rolf Moe-Nilssen: Aldring, balanse og fysisk aktivitet
April: Cand. mag. Kjell Harald Lunde: Om Bjørn West og krigshelten og tungtvassabotøren Fredrik Kayser
Mai: Førsteamanuensis Martin Paulsen: Ukraina og Russland
Juni: Sommartur til Tysnes med lunsj på Haaheim Gaard

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.