Lokal | 23. aug. 2019

Semitrailer står fast på Ole Bulls veg

Trafikktrøbbel over Søvikåsen.

Semitrailer står fast på Ole Bulls veg
Denne semitraileren står fast på Ole Bulls veg. (Lesarbilde, foto: Sara Berge)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. aug. 2019 07:56

Bildeserie:

Trass tydeleg skilting er det kvart år fleire som køyrer seg fast på Ole Bulls veg. (Foto: KVB)
Trass tydeleg skilting er det kvart år fleire som køyrer seg fast på Ole Bulls veg. (Foto: KVB)
1 av 1
Trass tydeleg skilting er det kvart år fleire som køyrer seg fast på Ole Bulls veg. (Foto: KVB)

Fredag klokka 09.36 fekk vi tips om at ein utanlandsk semitrailer har køyrd seg fast i svingane ned frå Søvikåsen på Ole Bulls veg.

– Vi klarte å snu for å køyra om Åsen, så eg veit ikkje om det har danna seg kø i området, seier Sara Berge.

Ho ringte òg politiet, som seier dei er på veg til staden.

Ole Bulls veg er skilta med maks 3 tonn per aksel og 8 meter lengde. At sjåførar køyrer etter GPS og ikkje får med seg skiltinga er eit gjentakande problem.

I februar i år var politiet imponert over rygginga til ein und lastebilsjåfør, som likevel fekk 5.500 kroner i forelegg for å ha oversett skiltinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.