Samferdsle | 06. jan. 2022

Semitrailer står fast ved UnoX

– Små bilar kjem seg forbi.

Semitrailer står fast ved UnoX
Denne bilen står, av uviss årsak, fast i rundkøyringa ved Meny og Uno X. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. jan. 2022 10:34

Torsdag i 11.25-tida står ein semitrailer i ro i rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen.

For forbipasserande er det ikkje lett å seia noko om årsak.

Små bilar kjem seg forbi, men det er fare for kø i området om ikkje semitraileren kjem seg i drift igjen.

Nesten heile vegen ... (Foto: Ørjan Håland)
Nesten heile vegen ... (Foto: Ørjan Håland)

– Eg veit ikkje kva som er årsaka til at den står der, men vi har ein patrulje på veg, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det i skrivande stund noko saktegåande og stilleståande trafikk frå Hetleflåten inn mot rundkøyringa.

Oppdatert kl 12.16: Klokka 12.07 melder Vegtrafikksentralen om trafikale utfordringar på staden, klokka 12.16 er det ifølgje Google Maps framleis kø retning frå Bergen inn mot rundkøyringa. Køen står til Hetleflåten.

Kl 12.20: Tungbilbergar har no fått semitraileren opp i Ulvenvegen, der den står i ei lomme og ikkje lenger stenger for trafikken.

Bilen har no kome seg opp på ei lomme i Ulvenvegen. (Foto: Ørjan Håland)
Bilen har no kome seg opp på ei lomme i Ulvenvegen. (Foto: Ørjan Håland)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.