Lokal | 16. mai 2020

Send oss dine beste 17. maibilde - vêr med i trekning av gåvekort!

God stemning heime - eller finstas og flagg ute i felten.

Send oss dine beste 17. maibilde - vêr med i trekning av gåvekort!
Tidlegare år, som her i 2016, har vi fått bilde frå blant anna Seattle, Puerto Rico og Veslefrikk. I år har òg lokale bilde ekstra høg verdi.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. mai 2020 08:26

Grunnlovsdagen i morgon blir markert utan tog og folkemengder, men i Bjørnafjorden kommune med talar og musikk over direktesendt video - og ute i krinsar og bygder med marsj av korps, kortesje med amcar og konvoi med båtar.

Kommunen si direktesending kan du sjå blant anna her på Midtsiden frå 11.30 i morgon. Sjølv er vi ute i felten og fangar stemningsrapportar som vi sender inn til direktesendinga - og tar bilde vi publiserer etter at feiringa er over.

Vi ønskjer deg som bur i Bjørnafjorden kommune, eller kjem frå kommunen, velkomen å senda oss bilde eller video av feiringa der du er.

Anten du har god stemning heime i stova, på jobb, på ein fjelltopp - eller står på ein balkong i utlandet med ei markering for deg sjølv - i år er det ekstra hyggeleg om mange deler stemninga si med kvarandre!

Skriv nokre ord om kvar bildet er tatt og kven som er på bildet.

Bilda kan sendast på epost til tips@midtsiden.no eller helst via wetransfer.com innan klokka 19 søndag kveld.

Blant bidrag som blir publiserte trekker vi ut to vinnarar av gåvekort (du vel om du vil ha på AMFI Os eller Havnechefen) med verdi på 500 kroner kvar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.