Lokal | 30. jan. 2015

Sendte elevane heim

Skular og barnehage stengt grunna straumbrot og låg innetemperatur.

Sendte elevane heim
Søfteland barneskule er i dag stengt grunna straumbrot. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. jan. 2015 08:19

Straumen har gått fleire stadar i Os.

Ifølgje BKK sine heimesider gjekk straumen i Hegglandsdalen i 3-tida.

Klokka 6 gjekk også straumen i Lysefjorden.

Tre skular utan straum

Straumen har også vore vekke på Søfteland,

– På Søfteland barneskule blei det målt så låg innetemperatur i dag at rektor har stengt skulen, fortel Line Rye, kommunalsjef for oppvekst og kultur.

– På Hegglandsdalen barneskule held dei no på å senda elevane heim, legg ho til.

Lysekloster barneskule har frå før elevfri dag i dag, så dei fekk ikkje den same utfordringa.

... men barnehagen held ope

Lysekloster barnehage har også stengt. Men det har ikkje den private barnehagen i Hegglandsdalen.

– Straumen er vekke, men det er fin temperatur her, så har vi har ope og håper straumen kjem tilbake i løpet av dagen, seier barne- og ungdomsarbeider, Marianne Bratholmen frå Hegglandsdalen barneage.

Midtsiden har førebels ikkje fått detaljar om straumbrotet, men kjem tilbake med meir når vi har informasjon frå BKK Nett.

OPPDATERT: 1400 av 1700 har fått straumen tilbake

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.