Lokal | 25. des. 2015

– Ser dårleg ut med avklaring

Å få realisert ny fylkesveg mellom Åsen og Helleskaret er framleis ikkje avklart.

– Ser dårleg ut med avklaring
Med ei avklaring snarast kan denne vegen bli bygd parallelt med Svegajørn - Rådal. (Kart: Statens vegvesen)
Cathrin Valestrandfredag 25. des. 2015 09:27

– All fornuft seier at fylket tar denne parsellen med i den pågåande rulleringa av regional transportplan for Hordaland, at dei brukar drygt 30 millionar kroner medan anleggsarbeidet er i området, sa ordførar Terje Søviknes til Midtsiden i 2012.

E39 skal koplast på Lyseklostervegen i Åsen, men ny fylkesveg vidare til Helleskaret, ved kryss til Drange, blei tatt ut av bompengeprosjektet. Om vegen blir bygd gir den ikkje berre betre tilkomst til E39 for folk på Drange og i Hellebakkane, den utløyser også nye nærings- og bustadområde.

– Vi må ha eit vedtak frå fylkeskommunen om at den blir prioritert i løpet av hausten. Vi treng ikkje pengane no, men vi må ha vedtaket før nyttår, sa prosjektleiar Sverre Ottesen på folkemøte før byggestart på E39 Svegatjørn-Rådal i september.

Ein influensasjuk Ottesen fortel frå sjukesenga at det ikkje er noko avklaring i saka.

– Vi jobbar framleis med å framskaffa godt nok vedtaksgrunnlag for fylket. Særleg då med oppdaterte kostnadstal, seier Ottesen.

Enno ikkje gjort vedtak

Kommunikasjonsdirektør Janne Værnø i Hordaland fylkeskommune opplyser at det ikkje er gjort vedtak om fylkesveg mellom Åsen og Helleskaret i samband med budsjett og økonomiplanhandsaminga for 2016.

– Samferdselsavdelinga opplyser at det i samråd med Statens vegvesen vil på nyåret bli gjennomført oppdatert kostnadsberekning av prosjektet.

Mars eller juni

– Den oppdaterte kostnadsberekninga vil bli lagt fram for fylkespolitiske organ. Dette vert grunnlag for å gjera vedtak om ein skal eller ikkje skal nytte seg av opsjonen for bygging av prosjektet i kontakten med Veidekke A/S for E39 Rådal-Svegatjørn.

– Opsjonen har vedståingsfrist sommaren 2016. Saka vert lagt fram for fylkestinget i mars eller juni, avsluttar Værnø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.