Politi | 04. juni 2022

Ser ein stygg trend i trafikken i Os

Fryktar dødsulykker, ber om fleire kontrollar enkelte stadar.

– Dette strekket har nærmast blitt ein fartsetappe for enkelte, fortel turgåar. (Ingen av bilane på bildet er knytt til påstanden). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. juni 2022 10:48

Fredag sendte samferdsleminister Jon-Ivar Nygård ut ei melding der han ba folk vera varsame i trafikken.

46 drepte til no i år er dobbelt så mange som i fjor.

Jon-Ivar Nygård. (Foto: Fredrik Naumann/Felix Features)
Les òg– Vi har ikke flere å miste i trafikken

I natt omkom to kvinner i ein kollisjon i Ålesund.

– Det er lenge sidan eg har lese om alvorleg skadde i trafikken her i Os, heldigvis. Men vi må ikkje tru at alt er greit her likevel, åtvarer ein innringar til Midtsiden-redaksjonen.

Han går dagleg tur frå Os sentrum til Nordmarka over Knutabruo og tilbake langs Byvegen. Det har han gjort sidan han flytta til Os for ti år sidan.

– I år har eg sett ei endring. Gong på gong ser eg bilar på veg retning AMFI mot Os sentrum, gir gass når dei er rundt svingen etter rundkøyringa. Dei passerer avkøyrsla til Idrettsvegen, eit ulykkesutsett kryss, i fart som ser ut som 100 km/t, fortel han.

Også frå Os sentrum opp Mobergsbakken går det ofte langt fortare enn han har sett før.

– Dette er 60- og 50-sone. Kanskje går det fortare andre stadar. Det er uansett påfallande korleis vi ser denne tragiske riksdekkande trenden samtidig som fleire trafikantar i Os køyrer på ein måte eg ikkje har sett før.

Vil ha fleire kontrollar på «nye» stadar

Turgåaren har ikkje lagt merke på kjønn eller alder på dei raskaste bilistane, men har si formeining om årsak.

– Det er truleg samansett, men fleire tankar har slått meg. Fleire har radarvarslar, eller varslar kvarandre via sosiale media, og derfor føler seg «trygg» til å køyra fort. Og så er det for få fartskontrollar og nesten berre på dei same stadane kvar gong.

– «Nærpolitireformen», som fleire stadar resulterte i noko vi kan kalla «fjernpolitireformen», har saman med generelt for lite ressursar til politiet gjort sjansen til å avskrekka fartssyndarar lågare.

Elles trur han at både dårlege haldningar og auka interesse for formel 1 og annan motorsport kan spela inn.

– Det går an å forstå at folk blir trigga, eller får lyst å køyra fort. Men som trafikant må du vera klar over at liv står på spel, både ditt eige og andre sitt.

Kjente og nye område

Innringar har rett i at statistikken for Os dei siste åra ser bra ut.

Mengda trafikkulykker med personskade har gått ned frå 24 i 2019 til 16 i 2020 og 10 i 2021.

Men mengda førarkortbeslag grunna høg fart auka frå 18 til 26 på tre år, og 53 trafikantar blei stoppa utan gyldig førarkort i fjor, og 31 blei mistenkte for køyring med promille eller annan rus.

Har politiet same inntrykk som turgåaren, at mengda fartssyndarar i 2022 har auka?

– Det er vanskeleg å seia om det er meir enn før, men vi får mange tips og klager om høg fart og støy frå stygg køyring om nettene, seier politioverbetjent Thomas Juulseth.

– Vi prøver å vera ein del på vegen, dessutan er UP ein del i Os for tida.

Områda som går igjen er Sperrevikvegen, Hegglandsdalsvegen og Hatvikvegen. UP har nyleg hatt kontrollar både i 40-sona forbi skulen på Søfteland, på Skeisflaten, Halhjemsvegen og, i går, i Kolskogen.

– Vi er takksame for alle tips, også om andre område og vegstrekk publikum meiner vi bør halda auge med, seier Juulseth.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.