Lokal | 15. jan. 2015

Ser Osøyro under eitt

Kommunen startar arbeidet med områdeplan for Osøyro.

Ser Osøyro under eitt
No startar kommunen arbeidet med ein områdeplan for Osøyro (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 15. jan. 2015 13:24

I plan- og bygningsutvalet torsdag vil politikarane få presentert administrasjonen sine tankar om arbeidet med ny områdeplan for Osøyro.

Planområdet strekk seg i framlegget frå industrikaien ut mot Oseana, på begge sider av elva opp til gamle osbrua.

Kommunestyret fatta i mars 2014 eit vedtak som sa at kommunen, med utgangspunkt i stads- og moglegheitsanalysen frå AsplanViak, skulle utarbeida ein ny områdeplan for Osøyro som ersatning for kommunedelplanen frå 2008.

Arbeidet vil bli leiia av Henning Wenaas Ribe og Haldor Fosse på planavdelinga i kommunen.

Dei ser for seg følgjende team i planen:

1. Tilrettelegge for ny bustader, forretning-, tenesteyting- og kontorverksemder.
2. Transformasjon av eksisterande sentrumskjerne og utviding av sentrumsstrukturen mot Esso-tomta og Finnebrekka.
3. Vurdere byggegrense mot Oselva
4. Gangbruer over Oselva
5. Ei skjerma gjestehamn
6. Elvepromenade aust og vest om Oselva
7. Parkering for bil/sykkel
8. Kvalitet i utforming av bygg og felles uteareal
9. Tilhøve for gåande og syklande
10. Historiske, kulturelle og identitetsberande element for Os
11. Born og unges interesser i sentrum

I følgje saksframlegget ser ein for seg oppstart no i 2015, med ei utgreiingsfase som strekk seg gjennom 2016. Ein godkjend ny plan vil truleg kunne vera ferdig rundt årsskiftet 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.