Serievinnar avslutta med stil
Topplag mot nedrykkslag i siste serierunde.


I dag blei serien i Norsk Tipping-ligaen avslutta. Lysekloster, som sikra seriemeistertittelen for 29 dagar sida, spelte borte mot Gneist, som landa på 12. plass av 14 lag.
Første omgang var mållaus, men Lysekloster vann 0-4.
– Eg trur ikkje vi har skapt så mange sjansar i ein førsteomgang som det vi gjorde i dag. Det var ein gøy kamp, men vi fekk dessverre ikkje ballen i mål før i andre omgang, oppsummerer Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Lloyd Adrian Dahle Fagerlie, Alexander Dang Henrik Andersen og Lars Oskar Groos Kilen.
Alexander Dang landa på 34 mål denne sesongen og kom på 2. plass på toppskårarlista. Ulrik Ferrer skåra to til for Frigg i dag og fekk 1. plass med 41 mål, mens Daniel Grimset Kvalvågnes på Os skåra eitt i dag og er på 3. plass.
Med dagens siger blei det totalt 70 av 78 moglege poeng på Lysekloster denne sesongen, noko som var eit mål i innspurten på sesongen.
– No tar vi fri ei veke, så trener vi ut november før det blir juleferie. Mentalt har det nok vore november i hovudet til fleire av spelane ei stund, derfor synest eg det er sterkt av dei å spela som dei gjorde i dag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.