Os Fotball A-lag | 06. mai 2023

Sesongens første bortesiger

... og Vågen si første skåring for Os.

Jonas Eide Vågen kom frå Åsane til Os på lån før sesongstart. Her heime mot Fana. I dag blei han matchvinnar på bortebane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. mai 2023 13:55

Os sto med to heimesigrar og to tap på bortebane før dagens femte serierunde.

Kampen gjekk mot Lokomotiv Oslo, som Os spelte 1-1 mot borte, men slo 6-3 heime i fjor.

I år har Lokomotiv Oslo starta sesongen med 5 poeng på 4 kampar.

I dag var Os best.

Lokomotiv Oslo - Os 0-1 (0-1)
Målskårar, Os:
Jonas Eide Vågen (32. minutt)

– Det var ein vaksent gjennomført kamp av gutane. Vi slepp dei lite til, og skaper nok til å vinna kampen, seier Os-trenar Endre Brenne etter kamp.

– Det var ikkjo noko festfotball i dag, og ein sjansefattig kamp, men vi klarte oss godt mot tøff motstandar og gler oss over tre poeng på bortebane.

Han gratulerer Vågen, som kom til Os på lån frå Åsane før sesongstart, med si første skåring.

– Det var eit fint mål der han drog av ein mann og hadde eit bra skot.

Sebastian Plätzer er tilbake frå skade, spelte frå start iog 61 minutt, og kaptein Torgeir Lunde var med i troppen og fekk ein god halvtime på slutten.

Fleire heimekampar

Os speler neste kamp heime mot Stabæk 2 laurdag om ei veke (start kl 14).

Stabæk 2 har 7 poeng på dei første 4, og speler mot Fana måndag.

Søndag kveld speler Os 3 lokaloppgjer mot Søfteland i 7. divisjon, måndag kveld speler damelaget heime mot Bjarg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.