Fotball | 25. apr. 2026

Sesongens første siger

I fjerde runde sat den for Sondre Skjerven og resten av Lysekloster. – Vi skulle gjerne ha skåra meir, men gler oss over tre poeng!

Sesongens første siger
Brattreit med fint forsøk. Han skåra seinare 2-0- og 3-1-målet. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. apr. 2026 15:55

Lysekloster, som har starta sesongen med to poeng på dei tre første kampane, tok i dag imot Eik Tønsberg, som har tre tap på rad før dagens runde.

Kampen bølga litt i starten, men Lysekloster skapte stadig fleire og større sjansar.

Jacob Jacobsen Bolsø sendte heimelaget i leiinga, Edvin Dvergsdal Brattreit auka til 2-0 før pause.

Gjestane reduserte på corner fire minutt ut i andre omgang, men to minutt seinare fann Brattreit nettmaskene nok ein gong.

– Det var stillingskrig det første kvarteret, men frå 20. minutt føler eg at vi både tok over og hadde god kontroll, seier Lysekloster-trenar Sondre Skjerven.

– Dei skåra rett nok på corner, elles synest eg vi forsvarte oss bra. Vi skulle gjerne hatt litt større utteling på sjansane i andre omgang, men gler oss først og fremst over sigeren.

3-1 sto seg gjennom dei siste i 40 minutta av kampen.

Det betyr at Lysekloster har tatt eitt poeng meir enn i fjor på sesongens fire første kampar.

Lysekloster - Eik Tønsberg 3-1 (2-0)

Lysekloster: Fredrik Sivertsen Bergslid - Nikolai Saabye Ankerstjerne, Jonas Skjerven Valland, Joachim Skorpen Edvardsen, Jonas Eide Vågen -
Trym Vatn Øvreberg, Thorstein Horneland Hildal, David Flygel Tufta (kaptein) - Edvin Dvergsdal Brattreit, Jacob Jacobsen Bolsø og Beltran Mvuka

Innbytarar: Johannes Heie Lie, Johannes Konstali-Lødemel, Eivind Johnsen, Vebjørn Nakken, Jørgen Nordvold Lunde, Kriss Havila Bonabandi

Lysekloster sin neste kamp er lokaloppgjer borte mot Bjarg.

Tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?