Kristian har overtatt golfen, Karoline skal i år køyra både Volvo (2,9 liter) og Toyota (1,6 liter). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sesongstart med 340 hestekrefter

Kristian er i gang med sin andre sesong, storesøster Karoline stepper opp med ein Volvo EVO 2,9 liter!

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Karoline Breivik og broren Kristian er i gang med sesongen. Kristian håper på å kvalifisera seg til landsfinalen i sin andre sesong, Karoline skal køyra seg inn med ein ny, langt heftigare bil.

– Eg køyrer framleis Starlet (1,6 liter) i noregscupen, Volvoen har så stor motor at den stiller i ein rå klasse, så den bruker eg i vestlandsmeisterskapen. Eg vil bruka sesongen til å venna meg til bilen, seier Karoline.

Denne helga går første runde i vestlandsmeisterskapen, som Karoline vann i fjor.

Bygd av morfar Håvard

Å stilla med bestefar sin Volvo høyres kanskje ikkje så eksplosivt ut, men når bestefaren din heiter Håvard Gåssand er det meir fart i sakene.

– Eg kjøpte karosseriet i Sverige i 2003 og bygde bilen til meg sjølv, seier den tidlegare rallycrosskøyraren.

Motoren er den same som han hadde i 240-en som han køyrde med tidlegare.

– Då eg var ferdig å bygga S40-en så var eg eigentleg litt lei. Eg la opp i 2007-2008, køyrde tre løp i 2010, men så tok barnebarna over rattet.

Håvard hamna på golvet som mekaniker, først for Karoline, no òg for Kristian.

– Det er god hjelp i begge, seier den rause bestefaren, som bruker ettermiddagane, frå han er ferdig på jobb i 16-tida, samanhengande til klokka 20 på å bygga, justera og reparera bilane.

Kristian går på mekanisk linje ved Os vgs, omtrent på nabotomta til Håvard sin verkstad. Karoline jobbar på delelageret på Møller, men vurderer òg å ta mekanisk skule.

Med mål om landsfinale på Gol

Kristian Breivik Gjøen, som fyller 17 år til hausten, hadde sin første heile sesong i fjor.

Han tok seg til finale i alle løp og hadde 7. plass i siste løp i Vikedal sombeste plassering.

– Målet er å kvalifisera meg til landsfinalen, fortel Kristian.

Sesongstarten var eit klubbløp tidlegare i april. Då landa han på 7. plass, éin plass frå å vera kvalifisert. Dei var tre førarar med 13 poeng, den med stigande kurve på dei tre omgangane tok 6. plassen.

Neste sjanse til å kvalifisera seg til landsfinalen på Gol blir i Vikedal i sommar.

Tøff konkurranse for Karoline

Karoline låg av til 2. plass i noregscupen for andre år på rad, men måtte i 205 nøya seg med 3. plass etter ei rulling i siste NM-runden.

Ho rulla heilt rundt og berga pallplassen ved å fullføra.

Ho skal køyra 12-15 løp i år og er glad ho har fått ein del sponsorar med seg på laget.

Konkurransen er hard med 1,6 liter mot fleire med 2,0 liters motor. Også lokalt kan ho få tøff konkurranse når ho stiller med 2,9 liter i klasse med «ulvane».

– No stiller ho mot fleire med lang erfaring, fleire er i 40-50-åra og kjenner bilane sine godt. Dette blir eit år med læring og tilvenning med ny bil, så får vi håpa ho held fram å prestera med starleten i NM-rundane, seier Håvard.

Midtsiden samleside: Motorsport

Fleire saker