Manuel Portioli si utstilling «Vandring» opnar på Vedholmen Galleri på laurdag. Her frå montering av utstillinga i går. (Foto: Vibeke Harild) 

Sesongstart på Vedholmen

«Vandring» er første av totalt 10 utstillingar for galleriet i Øyane.

image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I desember fortalde eigar Vibeke Harild om den beste hausten på 19 år, og at Vedholmen Galleri ville satsa på fleire internasjonale kunstnarar i 2019.

På laurdag er det vernissage og sesongopning med italienske Manuel Portioli.

Vestnorsk natur

Manuel Portioli har ein Bachelorgrad fra Kunstakademiet i Bologna og ein Mastergrad i kunst frå fra Kunst- og designhøyskolen i Bergen. Portioli bur og arbeider i Bergen. 

Utstillinga har fått namnet «Vandring», og består av maleri inspirert av naturen på Vestlandet.  

Portioli er vinnar av «Jakob Weidemann-minnestipendet» og «Johannes Vinjum-stipendet», og kunsten til Portioli er mellom anna kjøpt inn til Grieg Foundation si kunstsamling. 

I 2017 var Portioli si utstilling «Cold Venus» Festspillutstillinga på Vedholmen Galleri. 

Utstillinga står til 10.februar. 

Fleire saker