- 11. mars 2021

Set AstraZeneka på vent

Bjørnafjorden kommune ventar til FHI og Legemiddelverket har sagt sitt.

Det kjem stadig fleire Pfizer-dosar, men AstraZeneka har no pause grunna rapport frå Danmark. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. mars 2021 12:31

Sidan veke 8 har Bjørnafjorden kommune, i tillegg til den pågåande vaksineringa med Pfizer, fått AstraZeneka sin vaksine, og brukt denne på helsepersonell.

Ankomst av ny vaksine førte òg til justering av prioriteringsrekkefølgja.

No har Bergen kommune og fleire nabokommunar, inkludert Bjørnafjorden, sett AstraZeneka på vent.

Årsaka er rapportar frå Danmark om moglege alvorlege biverknadar i form av blodpropp hos nokre som har fått denne vaksinen.

– Vi kjem med meir informasjon når vi veit kva FHI og Legemiddelverket har bestemt, og kva for konsekvensar dette eventuelt vil ha for vaksinasjonsplanen i Bjørnafjorden kommune, seier kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding.

I Bjørnafjorden kommune har helsepersonell fått AstraZeneca-vaksinen. Ingen har meldt om alvorlege biverknadar.

OPPDATERT: Ifølgje VG set Noreg utsending av AstraZeneka på vent. Det som allereie er sendt ut, blir lagra.

– Vi vil ikkje motta nye dosar av AstraZeneca-vaksinen inntil vidare. Vi har nokre vaksinedosar liggande på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter, men desse vil ikkje bli brukte før FHI eventuelt gir klarsignal, seier Melf etter pressekonferansen.

100 fekk AstraZeneka-dose i går

Under gårsdagens massevaksinasjon blei det gitt 100 dosar AstraZeneca-vaksine til helsepersonell i Bjørnafjorden kommune.

Kommunen har ikkje opplyst om kor mange dosar AstraZeneca som er venta neste veke, men mengda BioNtech/Pfizer-dosar aukar.

I går blei det gitt 222 dosar med BioNtech/Pfizer, i neste veke kjem 252 dosar.

– Berre 12 av desse er andre dose, noko som betyr at 240 innbyggarar i aldersgruppa 78 år+ vil få tilbod om første dose Pfizer, fortel Melf.

Kan venta lengre med dose 2

Dei vil få 2. dose etter seks veker, ikkje etter tre veker, slik praksisen har vore til no.

Dersom ein person blir smitta av covid-19 etter å ha fått 1. vaksinedose, skal han eller ho ikkje ta dose 2.

Ingen nye smitta

Det er ikkje meldt om nye smittetilfelle i dag, frå dei som fekk svar 10. mars.

Til no denne veka har vi hatt berre eitt nytt smittetilfelle.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.