Set opp båt mellom Oseana og Solstrand

Hotelleigaren er gira på ei heilt spesiell framsyning.

Børrea Schau-Larsen og Ole Tobias Lindeberg samarbeider når Festspillene kjem til Os med Nordvegen søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. mai 2017 15:01

Bildeserie:

Ivar Bjørnson og Einar Selvik. (Foto: Thor Brødreskift)
Lemstova på Lyngheim: Før konserten er det vandring med to stopp. (Foto: KVB)
Ivar Bjørnson og Einar Selvik. (Foto: Thor Brødreskift)
Lemstova på Lyngheim: Før konserten er det vandring med to stopp. (Foto: KVB)
1 av 2
Lemstova på Lyngheim: Før konserten er det vandring med to stopp. (Foto: KVB)
Ivar Bjørnson og Einar Selvik. (Foto: Thor Brødreskift)

Søndag speler Ivar Bjørnson og Einar Selvik, kjende frå Enslaved og Wardruna, i Oseana. To barskingar, men kva er det som får Børrea Schau Larsen til å engasjera seg i akkurat denne framsyninga.

Det handlar om kulturarva vår. Spesielt vi som bur langs kysten. Og det handlar om namnet på landet vårt. Ikkje Norge, eller Noreg, men før Ivar Aasen kom med standardforma - som i norrøne skaldedikt; Nordvegen.

– Vi gler oss mykje over Oseana, både Griegsamlinga, fleire av arrangementa og, ikkje minst, det at Festspillene i Bergen kvart år sidan opninga i 2011 har hatt framsyning i kulturhuset, har stor verdi for både Os og gjestane våre.

– Men denne Nordvegen er spesiell, og eg vil seia at eg er imponert over at festspill-direktør Anders Beyer tok så grundig tak i dette temaet. «Eg høyrer mykje om kulturarva vår, men kva er denne kulturarva», seier han.

Båttur og vandring før konsert

I samarbeid med Oseana og Festspillene har Solstrand fått i stand ei gratis vandring i forkant av konserten. Denne går frå Solstrand til Os, langs strandvegen, med stopp både ved Det historiske tunet på Lyngheim og ved Oselvarverkstaden, der Nils Georg Brekke og Berit Synnøve Osmundsen fortel om lokalhistorie og båtbyggarkunst.

Gjestane kan møta direkte på Solstrand, men då hotellet har avgrensa med parkeringskapasitet kan du anten gå til hotellet eller parkera i Os sentrum og ta båt til Solstrand, der vandringa startar.

– Vi liker å høyra om vikingane, men dette er berre fragment av historia vår. Kven var desse nordmennene som levde i dette klimaet, desse nysgjerrige og modige som bygde båtar og reiste ut i verda?

Konsert - tilpassa Os

Nordvegen er ein konsertserie der Bjørnson og Selvik bygger vidare på suksessen Skuggsjá, som dei komponerte til Grunnlovsjubileet i 2014.

Den skal framførast både i Os, Bekkjarvik, Ullensvang og Moster, som eit akustisk og intimt vorspiel til bestillingsverket Hugsjá, som blir urframført i Grieghallen 31. mai.

Kvar spelestad si historie er tatt inn i framsyninga.

Bjørnson og Selvik har sjølv budd på Solstrand og vore på vandring i Os, for å bli kjent med bygda.

Med tettleik av fornminne som strekk seg heilt tilbake til eldre steinalder, og gravminne synleg frå sjø, er det mykje som tyder på at Os har vore ein viktig strategisk stad i den gamle Nordvegen.

Dette, saman med oselvartradisjonen og lokal bergkunst frå bronsealder, tar Bjørnson og Selvik inn i framsyninga i Oseana.

– Eg synest det er veldig kjekt at lokale aktørar og musikarar, som koret Fonos, blir del av framsyninga i Os, seier Børrea.

Møter godt publikum

Festspillene, som fleire gongar tidlegare har hatt konsertar på Solstrand på programmet, plar ha godt publikum på Os.

– Det har naturlegvis variert noko frå år til år, men alltid vore bra. Eg er glad for at både osingane set pris på å få Festspillene til heimbygda og at tilreisande kjem til Os for både å oppleva konsertar, utstillingar og bygda, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

Over halvparten av dei rundt 500 billettane til konserten søndag er selt.

– Eg er også glad på Os sine vegne. Når Festspillene set opp konsertar her så er det godt for både arrangøren og artistane å sjå at Os, som Austevoll og Bømlo, der det er fullsette hus, har eit publikum som veit å setja pris på kvalitet, seier Børrea.

Om Nordvegen
Konsertane er eit samarbeid mellom Festspillene i Bergen, Agderforskning, Bekkjarvik Eiendom AS, Bekkjarvik Gjestgiveri, Hotel Ullensvang, Lysverket, Moster Amfi, Oseana Kunst- og Kultursenter og Solstrand Hotel & Bad, og er støtta av RFF Vestlandet.

Musikarar:
Einar Selvik song, kraviklyre, diverse historiske instrumenter
Ivar Bjørnson gitarar, effektar, song
Iver Sandøy trommer, perkusjon, song
Silje Solberg hardingfele, song
Håkon Vinje keyboard, song

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.