Festivalar | 06. juli 2022

Set opp to nye ruter - leiger inn fire ekstra båtar

Den 75 år gamle dronninga av Bjørnafjorden skal få køyrd seg i festivalhelga.

Set opp to nye ruter - leiger inn fire ekstra båtar
MS Midthordland, her på veg til kai for jubileumstur i mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juli 2022 13:29

Eigarane av MS Midthordland, Det Midthordlandske Dampskipsselskab AS (MDS) med brørne Aspenes som største aksjonærar, går ei uvanleg travel helg imøte.

75 år gamle MS Midthordland skal ikkje berre gå med bluescruise fredag (med osingen HM Johnsen) og laurdag under Tysnesfest, MDS byr på mange av dei enklaste vegane heim frå Våge etter festivalen.

– Det er jo ikkje alle som får den overnattingsplassen dei ønskjer, eller som vil vera igjen til neste dag. Tur-retur til Os er sikkert ti år sidan vi starta med, seinare har det balla godt på seg, seier medeigar og ein av skipperane, Helge Andersen.

Fleire av eigarane jobbar for Norled, og har oversikt over kva båtar og mannskap som er tilgjengelege.

– Laurdagen er enklast, fleire av hurtigbåtane går i rute frå måndag til fredag.

To nye ruter

I år aukar MDS frå 3 til 5 ruter. Skånevik og Bekkjarvik er nye i rutetabellen.

MDS køyrer framleis tur-retur Os, og har seinare utvida til Bergen via Austevoll og Askøy og, i 2016, til Leirvik på Stord.

– Det kan ta tid å bygga opp marknaden for nye ruter, men i 2019 var også ruta til Stord heilt full.

No er han spent på alle rutene, tre år etter førre fullskala Tysnesfest.

– Ut frå billettbestillinga ser det i dag greit ut på fleire av rutene, men det er frå i dag til laurdag vi plar selja mesteparten.

Ruta til Bergen går via Os og Hufthamar på returen, mens den nye til Bekkjarvik også går innom Hufthamar og Storebø.

Tre kveldar mellom Os og Våge

Både direkteruta mellom Os og Våge, og den som på returen er innom Os på veg til Hufthamar og Bergen, går alle tre kveldane.

Dei tre andre rutene, Skånevik, Stord og Bekkjarvik, går berre laurdag.

– Hurtigbåten via Os til Bergen på returen har plass til berre 199, derfor må vi nok også gå med MS Midthordland til Os på natta.

– Kor stor er fartsforskjellen på hurtigbåtane og veteranbåten?

– Den er ikkje så galen, hurtigbåten går klokka 02 og legg til kai i Os rundt klokka 02.30, Midthordland går 02.15, for å få med etternølarane, og kjem til Os 03.15.

– Er det kiosk med nattmat til passasjerane?

– Det varierer litt frå båt til båt, men Midthordland har i alle fall baren open. Utan sal av alkohol, sidan skjenkeløyvet ikkje inkluderer nattklubb. Men dei som reise med Midthordland skal kunna få seg hotdog, brus og chips på veg heim etter ein lang festivalkveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.