Sverre i Stavanger i 2016, året han sette førre banerekord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sverre i Stavanger i 2016, året han sette førre banerekord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sette banerekord i sesongopninga

Sverre slo sin eigen rekord frå 2016 med god margin.

Kjetil Vasby Bruarøy
25. oktober 2020 - 9:14

I september fortalte Sverre Lunde Pedersen om familielivet og hardtreninga i Stavanger, i starten på oktober blei det klart at det likevel ikkje blei verdscup før nyttår.

Denne helga er det likevel sesongstart, første noregscup går i Sørmarka Arena i Stavanger. Det er 77 påmeldte løpere til NC, som held fram i dag.

Sverre slo i går sin eigen banerekord på 3000 meter.

Det blei 1. plass med tida 3.41.19. Den førre rekorden var på 3.42.30, som Sverre sette i 2016.

Rundetidene: 28,45 - 28,54 - 28,36 - 28,45 - 28,86 - 29,58 - 30,36

Lunde Pedersen måtte kjempa hardt for å sikra siger og rekord, for Odalens store son Hallgeir Engebråten passerte målstreken på 3.41.25 i paret før. Han fekk ikkje ha rekorden lenge.

Engebråten gjekk i par med Sindre Henriksen (3.48,18), Sverre gjekk i par med Allan Dahl Johansson (3.43,25).  

Siger til Håvard Lorentzen - 2. plass til Julie N. Samsonsen

På 500-meteren var Håvard Lorentzen raskast med sesongbeste 35.07 framfor Bjørn Magnussen, også sesongbeste med 35,15, hans beste tid nokosinne på norsk is. 

På 1000 meter var Ida Njåtun klart best blant jentene. 

Julie Nistad Samsonsen frå Fana hang godt med Ida fram til 600 meter, og endte på 2. plass med 1.21.91, så vidt framfor Camilla Jagtøyen, med pers på 1.21.91.

 
 

Les meir om

Sport Skøyter